Solund: Snø og is knekte høgspent – 151 utan straum

Artikkelen er over 1 år gammel

Har vore utan straum sidan søndag. – Vi håpar å vere oppe att i løpet av ettermiddag og kveld, seier Jan Halvor Storkås i Sunnfjord Energi.

DEL

Mykje tung snø og is på høgspentlinjene har skapt store problem i Solund måndag, skriv Firda.

– Det er ein del stolpar som er knekte og linjer som er nede. Det har vore snø i kombinasjon med vind og is på linjene som har gjort det veldig tungt, seier Jan Halvor Storkås, vakthavande i Sunnfjord Energi.

Straumfeilen blei meldt søndag morgon. Ifølge Sunnfjord Energi gjorde vanskelege forhold at det var vanskeleg å rette feila frå Kolgrov til Notøy søndag. Arbeidet held fram måndag. Også ved Sanden - Nåra - Trovåg - Kverhellen blir det jobba. Ved Steinsund er ei mast knekt.

– Vi har full styrke og vel så det som jobbar med saka, seier Storkås.

Han håpar straumen er tilbake i løpet av ettermiddagen og kvelden måndag ved hjelp av aggregat.

Artikkeltags