Vegvesenet ser føre seg å opne E39 att torsdag

OPNAR TORSDAG: Vegvesenet melder om god framdrift med oppryddingsarbeidet, og ser føre seg å kunne opne E39 att torsdag, ifølge Svenn Egil Finden

OPNAR TORSDAG: Vegvesenet melder om god framdrift med oppryddingsarbeidet, og ser føre seg å kunne opne E39 att torsdag, ifølge Svenn Egil Finden Foto:

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, fortel at dei ser føre seg å opne E39 i løpet av torsdagen.

DEL

(Firda): – Vi kjem til å opne i morgon. Men kva tidspunktet blir, det er enno uvisst, seier avdelingsdirektøren til Firda onsdag kveld.

Han fortel at Vegvesenet sitt mannskap har jobba iherdig sidan beskjeden frå geolog og NVE opna for ryddearbeid ved rasstadane langs E39.

Forlenger kolonnene forbi Moskog

Finden kan også melde at framdrifta har vore så god at dei planlagde kolonnene frå Vassenden til Moskog klokka 21 og tilbake klokka 22 kunne forlengast.

– Vi har klart å rydde såpass mykje at vi har kunne køyre kolonne heilt frå Vassenden og forbi Movika. Det opnar også for kolonne same ruta tilbake, seier Finden.

Fleire bilar og vogntog som har stått fast, mellom anna på Jølstraholmen har difor kunne køyre ut av området.

For at framdrifta med ryddingsarbeidet skal halde seg høg, er det frå Vegvesenet si side avgjort at ein vil stenge for vegferdsel langs E39 gjennom natta.

– Dette gjer vi for at maskinene skal få jobbe utan stans. Det blir jobba på, og vil gjerast eit vaktskifte i natt, seier han.

Framleis stengt på sørsida

Når det gjeld sørsida er det enno ikkje noko endring. Der er vegen rasstaden enno ikkje erklært sikker av geolog, og Vegvesenet sitt oppryddingsarbeid kan dermed ikkje starte.

– Der vil det bli gjort ei ny vurdering i morgon, seier Finden.

Artikkeltags