Trafikkulykke på E39 mellom Vadheim og Lavik

Det har vore ei trafikkulykke ved Avebukta på E39 mellom Vadheim og Lavik.

DEL

(Firda): Politiet fekk melding om ulykka klokka 07.00 onsdag.

– Det er ein bil med ein førar som har køyrt i autovernet. Airbagen er utløyst og han har fått den i ansiktet, men han hevdar seg uskada. Ambulansen er på staden, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Føraren er ein mann i 30-åra. Politiet er på staden og opplyser at eit felt i vegen er open for trafikk.

– Bilføraren er teken med i ambulansen. Mannen opplyser at det kom ein hjort ut i vegen og han måtte svinge, då trefte han autovernet. Det er ikkje mistanke om ruspåverknad, informerer Algerøy kl. 08.08.

Bilberging er på veg.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags