Mann i 20-åra køyrde ut i ein sving og ut på eit jorde - politiet mistenker promillekøyring

Store skadar på bilen, men føraren skal vere uskadd.

DEL

(Firda): Klokka 06.41 laurdag morgon kom det melding om at ein bil hadde køyrt av vegen i ein sving og ut på eit jorde på Dalsvegen i Flekke.

Ingen personar var i bilen, men ein fann fram til føraren, melder skriv politiets operasjonssentral på Twitter.

Ein patrulje har vore på staden, og det er opplyst at føraren, som er ein mann i 20-åra, er uskadd.

Det skal vere store skader på bilen.

Politiet mistenker at føraren var påverka av alkohol under køyringa, og er på veg til legevakt for blodprøve. Førarkortet er midlertidig kverrsett, melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 10.31.

Artikkeltags