I natt blir E39 stengt i Førde

VENTING I VENTE: Natt til torsdag vil E39 bli stengt grunna vegarbeid. Ein skal sette opp veglys mellom Kronborg og Sunde.

VENTING I VENTE: Natt til torsdag vil E39 bli stengt grunna vegarbeid. Ein skal sette opp veglys mellom Kronborg og Sunde. Foto:

Vegvesenet skal skifte stikkrenner.

DEL

(Firda): Natt til torsdag blir E39 stengt på grunn av vegarbeid frå klokka 23.45 til klokka 06.00.

Berre utrykkingskøyretøy får passere. Anbefalt omkøyring er via fylkesveg 13 og fylkesveg 610.

– Vi held på med å setje opp veglys på strekninga Kronborg-Sunde. Det skal leggast nokon trekkrøyr som skal krysse E39 på Bruland og dei eksisterande stikkrennene som er der må bytast ut. Vi har valt å gjere begge deler på same tid, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Arbeidet på E39 ved Bruland i Førde starta på onsdag. Eitt felt blir stengt på grunn av vegarbeidet. Då blir det lysregulering, medan manuell dirigering blir nytta ved behov.

– Når vi kjem til torsdag vert det lysregulering igjen, seier Huseklepp.

Det er mogleg å køyre på strekninga natt til fredag, men også då blir det lysregulering. Natt til fredag skal dei grave opp gangvegen i området.

Fredag skal alt vere ferdig. Då skal det vere fri ferdsel både på gangveg og E39.

Arbeidet som Mesta skal utføre for Statens vegvesen er:

  • fjerne gamalt veglys på strekninga Kronborg – Pinndalen
  • setje opp 160 nye veglys med 30 meters avstand over ei strekning på 4,5 kilometer
  • fjerne ei gamal lågspentline for Sunnfjord Energi og leggje ny line i kabel
  • rive den gamle raude løa ved krysset til Sundsdalen

Artikkeltags