E39 i Sogn og Fjordane stengt etter flaum og jordskred: Blir ikkje opna tysdag kveld

Vegvesenet jobbar med å få oversikt etter flaum og jordskred. Entreprenørar og geolog er på veg, melder Statens vegvesen.

DEL

(Firda): – Eg har ingen informasjon om kor lenge vegen blir stengt, seier Mariann Hove, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at kraftig nedbør har ført til skader på vegar og bruer i Sunnfjord og Nordfjord.

«Statens vegvesen har kalla inn personell og jobbar for å få ein oversikt over situasjonen og støtte naudetatane. Geolog og bruekspertise er på veg for å synfare skadane», står det i pressemeldinga.

SISTE: Klokka 20.34 melder Vegtrafikksentralen Vest at E39 mellom Førde og Skei ikkje blir opna tysdag.

Alternativ rute

Vegvesenet tilrår ei alternativ omkøyring via fylkesveg 55 mellom Vadheim og Sogndal, og riksveg 5 mellom Sogndal og Skei.

Arbeid i Vadheimstunnelen blir midlertidig innstilt for at trafikken skal kome seg fram.

Hove seier det har vore tre jordras på E39.

– Eg forstår det slik at det har vore eit ras på Vassenden, eit på Moskog og endå eit ras i mellom Vassenden og Moskog.

Bru er borte

Ved Hyefjorden er Tverrelva bru, på fv. 691 mellom Gjengedal og Aa bru, midlertidig stengd på grunn av flaum.

– Betongbrua på fv. 691 er skylt vekk.

Det same er fv. 615 Skarpsvoratunnelen på strekninga Storebu-Sandane.

Båtar er snart på plass

Oddbjørn Aune, operatør ved Alarmsentralen, seier at frå Berge og Co er E39 sperra.

– Der står det folk og spør kor ein skal hen. Om dei skal vidare langs E39 blir dei bedde om å snu.

Ifølge NRK er 15 bilar innesperra mellom to ras på E39 aust for Vassenden i Jølster og éin bil er innesperra på Bjørkelia.

– Det har kome ein båt på Movatnet for å transportere folk. Det er fleire båtar som blir gjort tilgjengelege for transport, seier Aune i 20-tida.

Han veit ikkje kor mange personar som er innesperra på grunn av raset eller kor tid dei blir henta av båt.

Artikkeltags