Her får Solund ja til brua si

GRATULERER, SOLUND: Her vedtek fylkestinget at det skal sendast søknad om Ytre Steinsund som ferjeavløysingsprosjekt.

GRATULERER, SOLUND: Her vedtek fylkestinget at det skal sendast søknad om Ytre Steinsund som ferjeavløysingsprosjekt.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkestinget i Sogn og Fjordane sa tysdag ettermiddag samrøystes ja til å sende søknad om ferjeavløysingsmidlar for bruprosjektet Ytre Steinsund i Solund. Fleirtalet vil også legge 228 millionar fylkeskommunale kroner til brua inn i økonomiplanen allereie no.

DEL

Brua folk i Ytre Sula har venta på og drøymt om i tiår, har dermed teke eit stort steg nærare realisering, melder Firda.

Også Ap og Frp ønskjer at brua skal byggast. Men desse to partia vil vente med å vurdere finansieringa, til svaret på bompengesøknaden kjem.

Vil ikkje binde seg

– Vi vil ikkje binde oss opp økonomisk på ein måte som kan føre til at dette bruprosjektet kjem i konkurranse med store prosjekt som allereie står i prioritet, sa Aps Harald Bjarte Reite i fylkestingsdebatten, og med Kystveg-parsellen Svelgen–Indrehus tydeleg i tankane.


– Men også vi heiar på dette bruprosjektet, sa Ap-representanten.

Sps Aleksander Øren Heen meinte Ap og Frp her fører folk bak lyset; at dei søkjer om å få Ytre Steinsund som ferjeavløysingsposjekt, men ikkje vil finansiere prosjektet.

– Det er heller å føre folk bak lyset, om ein tek nye prosjekt forbi dei som har stått i prioritet i årevis, svara Frank Willy Djuvik (Frp).

– Ytre Steinsund har stått på prioriteringsliste tidlegare. Og det er no eller aldri for dette prosjektet, fordi Djuviks regjering har endra reglane for ferjeavløysingsordninga, kvitterte Heen.

«Gratulerer med dagen»

Noralv Distad (H) gratulerte sulingane med dagen, og Trude Brosvik (KrF) og Gunhild Berge Stang (V) gledde seg på øyfolkets vegner. Men fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane veit at ordninga med å byggje bru for innsparte ferjemidlar ikkje vart så gunstig som ein først trudde, fordi dagens ordning berre dekkjer avdrag, og ikkje rentekostnadene.

Det betyr at fylkeskommunen i dette tilfellet må inn med totalt 228 millionar kroner i ei form for forskotering, og får tunge kostnader dei første åra, til eit prosjekt som i røynda er sjølvfinansierande. Samstundes står andre vegprojekt i kø i fylket.

No håpar fylkespolitikarane at Stortinget skal gå med på å legge også rentekostnadene inn i ordninga. Om dette lukkast eller ikkje, kan bli avgjerande for Atløysambandet, som er det neste ferjeavløysingsprosjektet som står for tur. Utfallet veit førebels ingen.


Artikkeltags