Dykkar omkom i Solund

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet fekk klokka 11.56 melding om ei dykkarulykke i Solund kommune.

DEL

Politiet fekk melding via amk-sentralen, melder avsnittsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt i ei pressemelding. Det melder avisa Firda.

Både politi, ambulanse og luftambulanse var sendt til staden. Det vart forsøkt gjenoppliving, men dykkaren vart erklært død på staden.

Politiet arbeidar no med varsling av pårørande, og dei skriv i pressemeldinga at det ikkje vil bli gitt fleire opplysningar om den døde før dette er gjort.

– Politiet har oppretta sak for å prøve å finne årsak til ulykka. Det var fleire personar saman med avdøde då ulykka skjedde. Desse vert varetekne av eit kommunalt kriseteam, skriv Rebnord i pressemeldinga.

Artikkeltags