Oppdaga ubåt i Sognefjorden

Det var liten tvil om at det var ein ubåt som hadde gått opp i havoverflata. Foto: Arild Tefre

Det var liten tvil om at det var ein ubåt som hadde gått opp i havoverflata. Foto: Arild Tefre

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi måtte jo stoppe for å sjå nærare på den, seier Arild Tefre.

DEL

– Den er ganske nærme. Vi står og ser på den no, og den har vore oppe i ein ti minutts tid, seier 27-åringen frå Førde til Firda.

Han og Hanne Sandvik (20) frå Vadheim var på veg i bil til Kyrkjebø, då dei oppdaga noko uvanleg i sjøen.

LES OGSÅ: Difor var det mange krigsskip på Byfjorden

Seglar i Frivika

Dei bestemte seg raskt for å stoppe, og vandre ned mot sjøen for å sjå nærare. Då var dei ikkje i tvil: det var ein ubåt som segla i fjorden.

Tefre fortel at ubåten er i Frivika i Sognefjorden, mellom Vadheim og Kyrkjebø. Dette er første gong han ser ein ubåt, og han var difor rask med å bestemme seg for å stoppe for å sjå nærare på den.

Sikker på at det er ein ubåt

Ubåtar er sjeldne å sjå, og er oftast meint å bevege seg usett. Difor har observasjonar av dei ofte vore hevda å vere noko heilt anna.

At det er ein ubåt, det er han viss på, og fortel at ein ser tydeleg den mørke silhuetten som er typisk for ubåtar, samt at det er ei lanterne i fronten av «tårnet».

Russarar nær Florø

Tefre er kjent med at det pågår ei russisk militærøving vest for Florø i desse dagar, men han veit ikkje kva nasjonalitet fartøyet i Frivika er. Han tør heller ikkje dra nokre eigne konklusjonar mellom dei to hendingane.

– Hehe, nei. Eg lurer mest på kva den gjer her, seier han.

Tefre fortel vidare at dei også møtte nokre lokale folk på ei kai i området, og dei kunne fortelje at ubåten hadde sirkla rundt i fjorden heile dagen.

– Dei var også usikre på kva ubåt dette var, seier han.

Sjølv valde dei to å reise vidare etter å ha sett på ubåten i vel ein halvtime. Då skal den ha segla vidare i retning Sogndal.

Artikkeltags