Båt kantra i Sognefjorden - to personar hamna i sjøen

Artikkelen er over 2 år gammel

I fire-tida skal ein båt ha kantra etter å ha blitt overraska av grov sjø i Sognefjorden

DEL

(Firda): Båten skal ha kantra mellom Høyanger og Balestrand. Det melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 17.33.

To personar skal ha hamna i sjøen, men er redda. Dei skal vere kalde, men er elles i fin form.

Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt fortel klokka 18.50 at det var personane i båten som sjølv ringde politiet.

– Dei kom seg på land og blei tatt vare på av folk ved fjorden, seier Hellesund.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken