Over 1500 personar er utan straum

Sunnfjord Energi melder på sine nettsider at fleire straumkundar er råka på grunn av vêret og jordraset. Det kan ta nokre timar før straumen kjem tilbake.

DEL

(Firda): – Status per no er at 1500 utan straum. Nokon har mista straumen på grunn av lyn, andre på grunn av raset, seier Marit Moene som er fungerande administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Kl. 18.30 ligg det fire driftsmeldingar ute på nettstaden til Sunnfjord energi:

For tida er det straumfeil i Førde mellom Stakaldefoss-Moskog-Farsund-Brulandsfoss. I Jølster mellom Eikås til Vassenden er det feil på straumnettet, og 431 personar er utan straum. På andre sidan av Jølstravatnet, er det straumproblem mellom Vassenden og Myklebustdalen på Jølster.

I tillegg er det feil på straumnettet på Fimland i Naustdal.

Kjem seg ikkje fram

– Det var fleire som var utan straum i ettermiddag. Vi har fått retta ein del feil og gjenoppretta straumforsyninga der vi kan jobbe fjernstyrt.

Problemet er at montørane per no ikkje kjem seg til dei aktuelle stadane på grunn av jordrasa på E39 stenger vegen.

– Utfordringa er å få mannskapet fram. Vi samarbeider no med andre redningsinstansar for å etablere ein alternativ tilkomst. Vi har ikkje oversikt over kor lang tid det kan ta før vi får mannskapet på plass, seier Moene.

Må jobbe raskt og forsvarleg

Moene seier dei har tredobla vaktberedskapen på driftssentralen og tilkalla alle tilgjengelege personal.

– Vi er bra bemanna. Det er farleg å jobbe under lyn. Vi må prioritere tryggleiken til personalet. Vi jobbar så raskt som det er forsvarleg å gjere. Akkurat er det utfordrande å kome fram og rette feila.

Ho oppfordrar å følge med på kartet på heimesida deira.

Telenor: – 500 breibandkundar er råka

Vêret og jordrasa har ikkje berre ført til straumproblem for innbyggjarane i dei aktuelle områda.

– Det er to basestasjonar som er ute av drift. Den eine er på Vassenden og den andre er på Moskog. Det er eit fiberbrot inne i rasområdet òg, seier Roald Orheim, informasjonssjef i Telenor.

Han seier at fiberbruddet har ført til at 500 breibandkundar er råka.

– Dette gjeld innbyggjarar i Jølster og Gloppen. No må vi berre vente. På grunn av jordraset er det ikkje mogleg å komme inn i området.

Orheim kan ikkje anslå kor mange som er utan mobil.

– Om ein beveg seg i området kan mobilen bli kopla til ein ny basestasjon. Om du står konstant i ro på Moskog eller på Vassenden, kjem du til å ha problem med mobildekninga. Det er nok mest breibandkundane som er råka, seier han.

Artikkeltags