Politiet meiner dei har funne sakna bil i Jølstravatnet

Politiet melder torsdag ettermiddag at dei meiner å ha funne bilen som blei teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag førre veke.

Politiet melder torsdag ettermiddag at dei meiner å ha funne bilen som blei teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag førre veke. Foto:

Har funne metallgjenstand på 170 meters djupne. – Vi er temmeleg sikre på at det er den sakna bilen vi har funne, seier lensmann Dag Fiske.

DEL

(Firda): Politiet melder torsdag at dei truleg har funne bilen som blei tatt av raset på sørsida av Jølstravatnet førre veke.

– Vi har eit sonarbilde som viser konturane av ein bil. Det viser at bilen ligg i raset, og då er det overveldane sannsynleg at det er den sakna bilen, seier Fiske til Firda.

Denne veka har politiet søkt med magnet og sonar i raset.

– I dag vart det avdekka ein større metallgjenstand på om lag 170 meter djupne, 660 meter ut i vatnet, skriv politiet i ei pressemelding like før klokka 14.

Det er gjort nærare undersøkingar rundt gjenstanden med sonar.

Oppå eller i raset

Dag Fiske seier det er umogleg å seie om den sakna er i bilen.

– Det viser ikkje sonarbilda. Dei er meir som ultarlydbilde. Dei viser at det er ein bil der. Vi veit heller ikkje om bilen ligg oppå rasmassene, eller om den er dekka av raset. Men sidan sonaren har registrert den, kan den ikkje ligge så djupt, då hadde ikkje sonaren registrert den, seier Fiske.

Han seier politiet no innstiller sin del av leiteaksjonen til dei veit meir.

– Like etter raset kom det ei melding om at vitne hadde registrert at ein bil vart teken av raset, og at det også var registrert ein person i vatnet. Tyder det på at den sakna ikkje er i bilen?

– Det kan vi ikkje seie noko meir om. Det er svært dårleg sikt i vatnet, og det fører til at vi ikkje får søkt med kamera eller ROV no. Men det er mogleg at frivillige vil halde fram overflatesøket. Det vil vi snakke med kommunen om seinare i dag, seier Fiske.

Dårleg sikt gjer arbeidet vanskeleg

Fiske seier at den store utfordringa no er sikta i vatnet.

– Det fører også til at det ikkje let seg gjere å komme ned med kamera for å sjekke om det er nokon i bilen. Det er også vanskeleg å seie kor tid sikta blir god nok til å gjennomføre fleire undersøkingar og å heve gjenstanden, seier Fiske.

Det fører også til at dei ikkje klarer å få stroppar rundt bilen, dersom den ligg slik til at det er mogleg.

– Vi håpar sikta vil betre seg. I verste fall kan det ta fleire veker, er dei opplysningane vi har fått. Men vi håpar sjølvsat at det skal skje så fort som mogleg.

Politiet vil også jobbe med eventuelle metodar for heving av gjenstanden.

Vitne melde frå om bil i raset

Det er åtte dagar sidan politiet bekrefta at ein mann i 50-åra er sakna og antatt omkommen, etter at det gjekk ras på fylkesveg 451 på sørsida av Jøltravatnet tysdag 30.juli.

Allereie like etter raset gjekk, melde vitne om at dei hadde sett ein bil bli teken i jordskredet som gjekk over vegen. Ifølge poltiet er det grunn til å tru at den sakna mannen køyrde bilen.

Måndag starta politiet med å grave i skredet på land, etter at brannmmannskap hadde søkt med metalldetektor søndag. Etter at søket på land ikkje gav funn, blei det igjen fokusert på søk i vatnet frå tysdag. Då blei det sett inn søk med magnet frå båt og miniubåt.

Oddmund Klakegg etter å synfart rasområda: – Det er nesten umogeleg å sette seg inn i korleis dette vart opplevt 

Artikkeltags