Tre personar var involvert i møteulykke på E39 etter forbikøyring

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein person sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde torsdag klokka 13.47 om ei trafikkulykke på E39 mellom Lavik og Vadheim. Det skriv avisa Firda.

Ulykka skal ha skjedd i samband med ei forbikøyring, og to bilar og tre personar er involvert.

Operasjonsleiar Lars Geitle ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel til Firda at skadeomfanget til no ikkje er kjent, men at ein av dei tre involverte er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Han fortel at dei materielle skadane er store på dei involverte bilane.

– Etter det vi har fått høyre, skal det vere ei møteulykke som har skjedd under ei forbikøyring, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags