Spelar inn katastrofefilm i Høyangertunnelen – i dag blir det stengingar frå morgon til kveld

HER BLIR DET VENTING: I dag blir det kolonnekøyring og venting på fv. 55 gjennom Høyangertunnelen. Årsaka er innspeling av katastrofefilmen «Tunnelen». Frå venstre Svein Rune Vie (byggjeleiar Statens vegvesen) og Sveinung Hovland (prosjektleiar Statens vegvesen).

HER BLIR DET VENTING: I dag blir det kolonnekøyring og venting på fv. 55 gjennom Høyangertunnelen. Årsaka er innspeling av katastrofefilmen «Tunnelen». Frå venstre Svein Rune Vie (byggjeleiar Statens vegvesen) og Sveinung Hovland (prosjektleiar Statens vegvesen). Foto:

Frå onsdag vil det vere kolonnekøyring gjennom Høyangertunnelen frå morgon til kveld. Årsaka? Ein katastrofefilm om tunnelbrannar.

DEL

Sogn og Fjordane(Firda): Vegtrafikksentralen Vest melder måndag at det grunna eit arrangement vert innført kolonnekøyring gjennom Høyangertunnelen på fv. 55.

Det blir dermed redusert framkomst, og bilar som skal gjennom tunnelen må vente på følgebil og at kolonnene blir dirigerte gjennom.

Kolonnekøyringa startar onsdag 27. februar klokka 08.00, og vil vare til 18.00 same dag.

Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen, fortel at årsaka til kolonnekøyringa er innspeling av Einar Loftesnes og regissør Pål Øie sin katastrofefilm «Tunnelen».

– Innspelinga skal vere ein dag no først, og så skal dei ha meir innspeling nokre dagar i april, seier Hovland.

Slik blir kolonnetidene:

Frå Høyanger: 08:45, 09:20 (buss), 10:10, 11:00, 12:20 (buss), 13:30, 14:10, 15:00 (buss), 16:05 (buss), 16:55 og 17:30 (buss).

Frå Lånefjorden: 08:30, 09:00, 09:40, 10:40 (buss), 12:00, 13:10, 13:45, 14:40, 15:30, 16:35 (buss) og 17:15.

Artikkeltags