Bil køyrde av vegen, mistanke om promille

UTFOR: Bilen har køyrd av vegen ved Nordeide ferjekai i Høyanger kommune.

UTFOR: Bilen har køyrd av vegen ved Nordeide ferjekai i Høyanger kommune. Foto:

Politiets operasjonssentral melde laurdag morgon om ei utforkøyring ved Nordeide ferjekai i Høyanger.

DEL

(Firda): Ein bil hadde der køyrd av vegen og stod ved ein bakke, ved Nordeide ferjekai i Høyanger kommune.

– Føraren er ute av bilen. Det skal vere mindre skader på bilen, og føraren står fram som uskadd, men dette kan vi ikkje seie sikkert før vi er framme, sa operasjonsleiar Halleraker ved Vest politidistrikt rundt klokka ni.

Meldinga om uhellet kom rett før 09:00 laurdag morgon.

– Då vi kom til viste det seg at føraren var rusa. Han vert politimeldt for dette og er fråteken førarkortet, melder operasjonssentralen.

Føraren vart teken med til legevakt for blodprøve.

UP skreiv ut ti bøter på under to timar på E39

Krasja rett i gjerde 

18 tatt for høg fart på E39: Ein mista lappen med minst mogleg margin

Fire tatt for høg fart i 60-sone

Mann i 50-åra mistenkt for fyllekøyring 

Artikkeltags