Denne og to andre krigsskip dukka opp ved kysten tysdag

ØVING: Dette bildet er teke frå land i Hyllestad kommune tysdag. No er denne og dei andre båtane som er med på øvinga på veg sørover.

ØVING: Dette bildet er teke frå land i Hyllestad kommune tysdag. No er denne og dei andre båtane som er med på øvinga på veg sørover. Foto:

Tyske fartøy som er del av ei NATO-øving har segla langs kysten i Sogn og Fjordane dei siste dagane.

DEL

(Firda): – Det som er observert i Sogn og Fjordane i dag er tyske skip som er ein del av ei årleg NATO-øving, seier Elisabeth Eikeland, major og talsperson for Forsvarets operative hovudkvarter.

Øvinga er inne i si andre veke, og skal avsluttast fredag.

– Fartøya øver i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, seier Eikeland.

Treng trening

Eikeland forklarar at dette er ei felles operativ øving, der allierte gjestar blir med for å øve på farvatnet langs norskekysten.

– Dei fartøya som er observerte utanfor Sogn og Fjordane er tyske. Dei har behov for å trene her, og få erfaring med fjordar, skjergard og ruskevêr, noko det er svært lite av der dei til dagleg trenar, seier Eikeland.

Ho seier fartøya tysdag kveld var ved Sognesjøen, på veg sørover.

– Eg veit ikkje kvar dei skal dei neste dagane, men øvinga går føre seg utanfor dei tre vestlandsfylka, seier Eikeland.

Årleg øving, med eller utan ubåt

Sjøforsvaret har kvart år ei tilsvarande ving i Task Group 1 (TG1).

– Norske farvatn er spesielle på mange område. Derfor er det viktig med slike øvingar.

Om det er ubåtar med når dei øver vil ho ikkje kommentere.

– Nokre ting må vi halde for oss sjølve, seier Eikeland.

Ein firdatipsar seier til Firda at det kjem opp ein tysk ubåt når ein søker på nettsida myshiptracking.com.

Dette stemmer, ubåten er tysk og ved å gå på nettet kan ein finne ut kvar den er, og også sjå bilde av den.

Artikkeltags