Straumbrot i Gulen

Artikkelen er over 2 år gammel

Uvêret på Vestlandet har ført til straumstans på Dalsøyra i Gulen.

DEL

Det melder BKK på nettsidene sine.

Feilen vart registrert klokka 17.03 torsdag ettermiddag, og mannskap er på veg for å rette feilen.

Ifølge kraftselskapet er feilen forventa å vere retta klokka 22 i kveld.

BKK har sendt ut tekstmelding til husstandar på Vestlandet der dei åtvarer om at kraftig vind, lyn og torevêr fører til straumbrot.

Dei oppfordrar folk til å finne fram lommelykt med fulle batteri og stearinlys i tilfelle straumen går. Dei rådar også kundar til å lade opp mobilen.

BKK forsikrar på sine nettsider om at dei er i beredskap. Dei har ekstra montørar på jobb og held kundesenteret ope utover kvelden og natta. Dei følgjer vêrutviklinga tett.

  • Har du tips til oss i forbindelse med uvêret? Kontakt oss på vår vakttelefon 916 20 916 eller send epost til redaksjonen@nordhordland.no. Du kan også skrive tekstmelding NHTIPS til 2005.

Artikkeltags