Sløvåg-Emblem saksøkte politimann, men tapte og må betale

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I 2013 blei Trond Emblem dømt til to år og fem månader i fengsel. Denne veka tapte han det private søksmålet mot ein politimann.

DEL

Emblem tapte søksmålet mot politiet som nyleg var oppe i Oslo tingrett, melder BA.

Emblem var hovudeigar i Vest Tank AS, og styreleiar. Han måtte i fengsel etter eksplosjonen og forureiningskatastrofa i Sløvåg, som følge av brot på ei rekke lover og forskrifter ved anlegget i forkant av eksplosjonen.

To tankar med farleg avfall eksploderte på Vest Tank-anlegget i Gulen i Sogn og Fjordane 24. mai 2007.

Giftstoffa som blei spreidd over eit stort område, førte til helseproblem for fleire hundre mennesker. Fleire av dei som jobba ved anlegget fekk mindre skadar.

Emblem har forsøkt å få saka si opna igjen av gjenopptakelseskommisjonen, men dei forkastet begjæringa hans i 2015. I haust har han saksøkt ein politimann, og krevd 350 millionar kroner av staten for tap av økonomiske verdiar og arbeidsforteneste.

– Ein avgjerande forskjell

Den tidlegare Vest Tank-sjefen meiner at det er forskjell på det som blei sagt og tatt opp på eit lydband i eit avhør, og det som er notert ned skriftleg i etterkant av avhøyret. Denne forskjellen skal då vere årsaka til at han er uskyldig dømt.

«Feilen har vore direkte avgjerande bevis i domfellelsen som har ført til store tap», står det i eit brev Emblem sende til politiet i november i fjor.

Men tingretten har høyrt gjennom lydopptaket og lest avhøyrsrapporten. Dei finn at det i all hovudsak er innhaldsmessig samsvar. Dei minner også om at om han var ueinig i noko, hadde han og hans forsvarar også moglegheit til å få det endra der og då, i ein pause og etter at avhøret var ferdig.

Rensemetodikk

Avhøyrsrapporten er også signert og vedtatt av Emblem. Striden handlar om kva kunnskaper Emblem hadde om rensemetodikken på anlegget.

– Retten viser også til at dersom Emblem var sliten og at det var årsaka til at han ikkje avklarte eventuelle feil og misforståingar i avhøyret, valde han sjølv å takke nei til politiet sitt tilbod om å utsette gjennomgangen av avhøyret, står det i dommen.

Oslo tingrett sin kjennelse er at staten og den saksøkte politimannen vinn. Kravet frå Emblem er avvist, og han må ut med litt over 60 000 kroner i sakskostnader til staten.

– Viss Emblem sjølv oppfatta dette som ei tilståing eller særleg viktig, hadde både han og hans forsvarar all mogleg foranledning til eventuelt å få endra på dette ved gjennomgangen av avhøyret, står det i dommen.

Artikkeltags