Slik er tilstanden til dei fire skadde i båtulykka

Artikkelen er over 4 år gammel

Tre kvinner var blant dei fire skadde. For to av dei er skadane alvorlege.

DEL

Ein person omkom og fire vart skadd då ein fritidsbåt køyrde på eit skjer på veg frå Utkantfestivalen i Skjerjehamn til Eivindvik litt over midnatt natt til fredag.

Slik var tilstanden til dei tidlegare fredag:

Kvinne 33 år: Alvorleg skadd, men tilstanden er stabil. Innlagt på Førde sentralsjukehus.

Kvinne 34 år: Alvorleg skadd. Innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

Kvinne 59 år: Lettare skadd. Innlagt på Førde sentralsjukehus.

Mann 43 år, båtførar: Lettare skadd. Innlagt på Førde sentralsjukehus.

Dette blir stadfesta på pressetenestene til Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssjukehus om pasienttilstand. 

Det var ein mann på 67 år som omkom, går det fram av pressetenesta.

Den tragiske ulykka blir markert med eitt minutts stillheit før konsertane under Utkantfestivalen startar fredag kveld.

LES OGSÅ: Mann omkom i båtulykke - fire til sjukehus

Mange er berørt

Lensmann i Gulen Ivar Holmaas seier til BA at det vesle lokalsamfunnet et prega av ulykka.

– Kriseteamet er varsla og har vore i kontakt med dei som er sterkast berørt av dette. Tilbakemeldinga på det, er at behovet blir dekka, seier Holmaas.

– Vi har fokus på dei pårørande, og i løpet av dagen vil vi også reise ut til Utkant. Sjølv om dei ikkje har direkte tilknytning til festivalen, er dei også berørt. Det er mange som var involvert, og mange som har bidratt, seier Gulen-lensmannen.

LES OGSÅ: Kommunen har kopla inn kriseteamet

– Det er eit lite samfunn, og lokalmiljø som er involvert. Utkanttfestivalen er eit positivt tiltak i Gulen, med mange lokale som jobbar dugnad og deltek på festivalen. Ei slik tragisk hending så nært opp til arrangementet set sjølvsagt sitt preg på dei som er på festivalen også, seier Holmaas.

Ivar Holmaas er lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt. Arkivfoto

Ivar Holmaas er lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt. Arkivfoto

– Ingen vitner

Då ulykka var eit faktum natt til fredag, stilte festivalleiinga med båt som frakta politiet til staden.

– Utkant har hatt fokus på tryggleik og ulykkesberedskap, og det fekk vi nytte av no i natt. Dei har bidratt med både folk og ressursar. Dette er ein tragedie, og nokon er sterkt berørt. Slik det er no, er mange berørt av dette. I tida fremover vil vi ha fokus på dei berørte, festivaldeltakarar og arrangørar, seier Holmaas.

LES OGSÅ: Utkantsjefen: – Forferdeleg tragisk at slikt skjer

Det er så langt ingen vitner til sjølve ulykka, utenom dei som var involvert. Politiet har ikkje minstanke om promille.

– Har ingen andre opplysningar enn at dette er leia som er naturleg å ta. Det er holmar og skjer, men det er for tidlig å seia noko om sjølve ulykka. Vi må undersøke staden og snakke med dei som var med, men etter dei opplysningane vi sit inne med er dette eit tragisk uhell.

Artikkeltags