Oppdrettsbåt med to personar har gått på grunn i Gulen

Det er i fjæresteinane ved Byrknes i Gulen oppdrettsbåten med to personar har gått på grunn. Kart: 1881

Det er i fjæresteinane ved Byrknes i Gulen oppdrettsbåten med to personar har gått på grunn. Kart: 1881

To personar om bord.

DEL

(Firda): Ein mindre oppdrettsbåt har gått i fjæresteinane ved Byrknes i Gulen, melder Hovedredningssentralen i Sør-Norge.

Det skal vere to personar om bord i båten.

– Så langt er det ingen stor dramatikk. Båtar i nærleiken er komne til for å hjelpe, og vi har snakka med dei to som er om bord. Det ser greitt ut, bortsett frå at båten står fast, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde ved HRS til Bergens Tidende.

Litt før klokka 20.00 melde HRS at fartøyet hadde kome seg av grunn for eiga maskin og var på veg mot kai. Det skal ikkje vere snakk om lekkasje.

Artikkeltags