Kommunen har kopla inn kriseteamet

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal seier kommunen har stilt heile kriseteamet til rådvelde for dei involverte i båtulykka der ein mann omkom og fire personar er skadde. Fredag kveld vil Oppedal besøke Utkantfestivalen. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal seier kommunen har stilt heile kriseteamet til rådvelde for dei involverte i båtulykka der ein mann omkom og fire personar er skadde. Fredag kveld vil Oppedal besøke Utkantfestivalen. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Gulen kommune reagerte raskt då dei vart informert om nattas dødsulykke.

DEL

– Det er veldig trist det som har skjedd, at Utkantfestivalen skulle få ein slik start og bli ute for ei dødsulykke med festivaldeltakarar. Tankane våre går først til dei pårørande i ein slik situasjon, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal til Avisa Nordhordland. 

Oppedal vart informert om ulykka i natt, nokre timar etter at den inntraff.

– Rådmannen ringde meg klokka 03 i natt, og då sette vi umiddelbart ned det kommunale kriseteamet. Dei har allereie vore i kontakt med dei pårørande og forsøker å yte den hjelpa dei treng, seier Oppedal.

LES OGSÅ: Slik er tilstanden til dei fire skadde i båtulykka

Besøker Utkant i kveld

– Kven utgjer kriseteamet til kommunen?

– Det er to sjukepleiarar som koordinerer det. Teamet består av prest, lege og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har tilgang på dei ressursane som er mogleg, og som dei treng, seier Oppedal.

Han trur ulykka vil prege festivalen og heile Gulen-samfunnet den nærmaste tida.

– Vi er små lokalsamfunn der alle kjenner alle. Det vil sjølvsagt legge ein dempar på festivalen. Eg såg på nettet no at festivalen vil gå sin gang. Eg vil ta ein tur ut i løpet av kvelden og vere der. Eg hadde planar om det uansett, men eg trur det er viktig at eg reiser no, seier Gulen-ordføraren.

LES OGSÅ: – Forferdeleg tragisk at slikt skjer

Ingen store problem på sjøen

I likheit med festivalsjef Viggo Randal, meiner også ordføraren at båtfolket i all hovudsak opptrer fornuftig til sjøs under det store innrykket i Skjerjehamn denne helga.

– Eg har ikkje inntrykk av at det er noko stort problem. Veldig mange båtar blir liggande heile helga. Ellers er det litt rutetrafikk og nokon som køyrer att og fram, seier Oppdal.

LES OGSÅ: Mann omkom i båtulykke - fire til sjukehus

Då er det meir brannberedsskap kommunen har vore opptatt av.

– Det store fokuset frå kommunen si side har vore brannberedsskapen, med tanke på den store mengda med båtar som ligg der. Der har festivalen sjølv fått ein veldig god beredskap og det er ein god dialog med brannsjefen, sier Oppedal.

Artikkeltags