Har ny artist klar til Utkantfestivalen

Festivalsjef for Utkant, Viggo Randal, har booka Stein Torleif Bjella til årets festival. Frå før er det klart at Hellbillies og Sigrid Raabe skal spele på Utkant. Arkivfoto

Festivalsjef for Utkant, Viggo Randal, har booka Stein Torleif Bjella til årets festival. Frå før er det klart at Hellbillies og Sigrid Raabe skal spele på Utkant. Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Spellemannvinnar Stein Torleif Bjella er klar for årets Utkant.

DEL

Det opplyser Utkantfestivalen i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Festivalsjef Viggo Randal har i fleire år hatt sansen for visesongaren frå Øvre Ål, og har allereie hatt besøk av han ein gong tidlegare.

– Bjella er jo ein artist eg er sånn skikkeleg glad i. Eg hugsar at eg snubla over musikken hans tidleg i 2009, då Heidersmenn kom ut. Tekstane, skrivne for middelaldrande bygdisar som meg sjølv, traff meg midt i hjartet, seier Randal i ei pressemelding.

Der fortel Utkant-sjefen at han hadde Bjella si plate på repeat og gjorde alt han kunne for å overbevise folk rundt seg om at dette var musikk dei berre måtte høyre. Men han fekk ikkje mykje gehør og la booking-planane på hylla i nokre år. 

– Men etter kvart som åra gjekk, viste det seg at det fantest fleire middelaldrande bygdisar enn meg her i landet. Ja til og med byfolk fekk øyra opp for Bjella. Så då var det sjølvsagt stor stas å booke han til Utkant 2014, seier Randal.

Hyllar Skjerjehamn

No kjem Bjella altså tilbake til Skjerjehamn siste helga i juli når årets festival går av stabelen.

– Skjerjehamn var ein spektakulær flott plass. Flott publikum, intimt og godt. Eit paradis for ein «fjellbygdis» som meg, seier Stein Torleif Bjella i pressmeldinga til arrangøren.

Artisten vann Spellemannprisen i 2011 i klassen viser med albumet Vonde visu. For same album innkasserte han Prøysenprisen, Bendikprisen og Edvard-prisen.

For det siste albumet Gode Liv, fekk han tre nominasjonar til Spellemannprisen 2016 - utan at det vart pris då. Det er uansett ikkje tvil om artisten har rikeleg med materiale å ta av når han skal spele for Utkant-publikummet.

– Eg ser ekstremt fram til å komme ut for å spele. Det er lite som slår det å spele konsertar. Og Utkant-festivalen sist var jo eit lite eventyr i seg sjølv, seier Bjella.

Har vore i økonomisk krise

For festivalleiinga har førebuingane mot årets festival bydd på ekstra utfordringar.

Ein svært utfordrande økonomi gjorde at Viggo Randal i fjor måtte permitterast frå stillinga som lønna festivalsjef. 

LES OSGÅ: Utkant med dårleg økonomi - permitterer festivalsjefen og ber kommunen om lån

Enn så lenge har festivalen fått krisehjelp av Gulen kommune.

LES OGSÅ: Innvilga 300.000 i lån no - kan få 450.000 i tilskot i desember

I desember skreiv Avisa Nordhordland også at Kulturrådet auka støtta til festivalen med 50 000 kroner, til 225.000 kroner.

LES OGSÅ: Utkantfestivalen fekk fleire hundre tusen i støtte: – Dette er med og sikrar grunnlaget for vidare drift

– Slepp fleire spennande namn

Viggo Randal er no tilsett i ei stilling i Gulen kommune, men jobbar med hjartebarnet på si i helgane. Å rocke Skjerjehamn er framleis målet til Randal. 

LES OGSÅ: Har plassert festivalsjefen på byråkrat-kontor

Tidlegare har Utkantfestivalen annonsert at Hellbillies og Sigrid Raabe skal spele på årets Utkant.

LES OGSÅ: Hellbillies kjem til Gulen

– Vi er godt i gang med bookinga, og fleire spennande namn blir slepte snart. Med heile Norges Hellbillies, pop-kometen Sigrid som i desse dagar legg verda for sine føter og ikkje minst ein heidermann av Stein Torleif Bjella sitt kaliber, er det berre å sette sjøbein og dra mot Utkant siste helga i juli, uttaler Randal i pressemeldinga.

Artikkeltags