Front mot front i Gulen: Fem personar involvert

Ein minibuss og ein personbil har krasja i Merkesdalen i Gulen måndag kveld.

DEL

(Firda): Det melde Vest politidistrikt klokka 18.29 måndag kveld.

Ein minibuss og ein personbil har krasja front mot front på Glenjevegen i Merkesdalen, opplyser politiet.

Totalt fem personar er involvert i ulykka. Alle skal vere ute av bilane og alle er medvitne.

Naudetatane er på veg, opplyser politiet klokka 18.29.

Det er meldt at det skal vere svært glatt vegbane på staden.

– Ein person blir frakta til sjukehus, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy klokka 19.23. Skadeomfanget er førebels ukjent.

Tidlegare måndag køyrde ein mann i personbil i ei elv ved fylkesveg 57 i Nordgulen.

Bil køyrde i elv i Gulen - mann til sjukehus i luftambulanse 

Artikkeltags