– Forferdeleg tragisk at slikt skjer

– Forferdeleg tragisk at slikt skjer, seier festivalsjefen til Utkant, Viggo Randal om dødsulykka natt til fredag. Dette bildet er teke før festivalstart. Foto: Kai Svellingen Flatekvål, BA

– Forferdeleg tragisk at slikt skjer, seier festivalsjefen til Utkant, Viggo Randal om dødsulykka natt til fredag. Dette bildet er teke før festivalstart. Foto: Kai Svellingen Flatekvål, BA

Artikkelen er over 4 år gammel

Utkantfestivalen og heile Gulen er prega av dødsulykka til sjøs i natt.

DEL

Utkant-sjefen om dødsulykka:– Det er vanskeleg å komme på andre ord enn at det er forferdeleg tragisk. Veldig trist når slikt skjer, uavhengig av tidspunkt, seier festivalsjef Viggo Randal til Avisa Nordhordland.

Ein mann i 60-åra omkom og fire personar vart skadd og sende til sjukehus då ein båt køyrde på eit skjer nær Grimstadholmane i natt. Tilstanden til dei skadde er framleis ikkje kjend.

LES OGSÅ: Slik er tilstanden til dei fire skadde i båtulykka

Båten var på veg frå Utkantfestivalen i Skjerjehamn til Eivindvik nord i kommunen då ulykka inntraff. Naudetatane rykte ut klokka 00.54. Randal fortel at han sjølv var på ulykkesstaden i natt.

– Vi har hatt heile vårt apparat i sving. Eg vart varsla via AMK og har vore der stort sett i heile natt, seier Randal.

– Tung start på fredagen

Det er ein prega festivalsjef som snakkar med Avisa Nordhordland på telefon morgonen etter ulykka.

– Desse var folk mange av oss i festivalleiinga kjenner. Det berører oss som arrangørar og medmenneske. Det er ein tung start på fredagen no, seier Randal.

Arrangøren har bestemt seg for at festivalen held fram som planlagt. Randal seier dødsulykka vil bli markert under festivalen fredag.

– Vi vil markere det med eitt minutt stilliheit før konsertane begynner på hovudscena klokka 20 i kveld, seier Randal.

LES OGSÅ: Mann omkom i båtulykke i Gulen - fire til sjukehus

– Dei fleste kjenner alle

Festivalsjefen trur alle er berørt av det som har skjedd.

– Gulen er ikkje ein stor plass, og dei fleste kjenner alle, seier Randal.

Festivalen har tiårsjubileum i år, men aldri opplevd liknande ulykker. I år fekk arrangøren desverre behov for sitt omfattande beredskapsapparat.

– Vi har eit eige beredsskapsteam, med beredsskapsbåt, lege, dykkarar og sanitet. Beredsskapsbåten vår med lege og ambulansepersonell om bord var først på åstaden, fortel Randal.

– Dette er veldig tragisk for dei som er involvert, familie og vener. Våre tankar går no til dei pårørande, seier Randal.

LES OGSÅ: Kommunen har kopla inn kriseteamet

320 båtar i Skjerjehamn

Sjølve festivalen tar i mot 320 båtar denne helga. Til tross for svært stor aktivitet til sjøs, har ikkje Randal inntrykk av at det blir køyrt uvettig. 

– Ein bør vere årvåken til sjøs uansett. No har vi halde på i ti år med så mange båtar, men vi har ikkje hatt ulykker med grunnstøyting. Eg vil sei folk oppfører seg veldig greit til sjøs. Mange ligg dessutan i hamna heile helga, påpeikar Randal.

Artikkeltags