Dødsulykka i Gulen: Familie og vener var om bord i båten

Det var denne båten som køyrde på eit skjer på veg mellom Skjerjehamn og Eivindvik litt over midnatt natt til fredag. Ein mann i 60-åra omkom, medan fire er skadd og sende til sjukehus. Blant desse er ei kvinne hardt skadd. Foto: Aleksander Åsnes /NRK

Det var denne båten som køyrde på eit skjer på veg mellom Skjerjehamn og Eivindvik litt over midnatt natt til fredag. Ein mann i 60-åra omkom, medan fire er skadd og sende til sjukehus. Blant desse er ei kvinne hardt skadd. Foto: Aleksander Åsnes /NRK

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det var 67 år gamle Asbjørn Nordgulen som omkom i båtulykka i Gulen natt til fredag. Sonen og sambuaren var også om bord.

DEL

Det opplyser operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Vest politidistrikt i ei pressemelding, skriv BA.

Namnet blei frigjeve fredag i samråd med familien.

I båten var også 67-åringen sin son og sambuar. I tillegg var to vener av familien om bord, opplyser politiet. Alle dei involverte er heimehøyrande i Nordgulfjorden i Gulen.

Dei fire blei frakta til sjukehus, i Førde og til Haukeland, etter ulykka, og var framleis innlagt lørdag formiddag.

I går kveld vart den tragiske ulykka markert med eitt minutts stillheit før konsertane starta på Utkantfestivalen.

LES OGSÅ: - Vi har mista ein i Utkantfamilien

Stor redningsaksjon

Det var natt til fredag at skjergårdsjeepen på veg frå Utkantfestivalen i Skjerjehamn til Eivindvik i Sogn og Fjordane gjekk på eit skjer.

Den populære Utkantfestival blir arrangert i Skjerjehamn i Gulen kommune denne helga. I fjor var det ca. 15.000 besøkande på festivalen fordelt på fire dagar.

LES OGSÅ: Slik er tilstanden til dei skadde i båtulykka

Då ulykka var eit faktum natt til fredag, stilte festivalleiinga med båt som frakta politiet til staden. Det blei satt i gong ein stor redningsaksjon i skjergarden, og fleire av dei skadde blei flydd til sykehus i ambulansehelikopter.

Årsaka til at fritidsbåten gjekk på skjeret er framleis ikke kjent. Politiet sine kriminalteknikarar undersøkte ulykkesstaden fredag, og ulykka blir no etterforska.

LES OGSÅ: Mann omkom i båtulykke i Gulen - fire til sjukehus

LES OGSÅ: - Forferdeleg tragisk at slikt skjer

LES OGSÅ: Kommunen har kopla inn kriseteamet

Artikkeltags