Bilulykke i Gulen - to personar sendt i luftambulanse

Køyrde i fjellvegg og velta.

DEL

(Firda): Naudetane rykte torsdag morgon ut til ei trafikkulykke i Gulen.

Dei første meldingane gjekk på at ulykka skal ha skjedd ved Leversund ein stad i området der fylkesveg 3 og 57 møtest. Det var først meldt at bilen hadde hamna på taket.

Vest politidistrikt melde på twitter klokka 07.51 at bilen hadde køyrd i ein fjellvegg.

– Ein bil køyrde i fjellveggen og hamna deretter på taket, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt til BA.

I bilen sat det to personar, som blei tatt hand om av luftambulansen på staden og frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Trafikken vert no dirigert forbi ulykkesstaden i eitt køyrefelt.

Artikkeltags