Snart kan du ta Bybanen til Vågsbotn

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Det vil i alle fall politikarane i Bergen.

DEL

Dette kjem fram i fylkesrådmannen sitt forslag til framtidig trase for Bybanen til Åsane og vidare.

Han meiner at Bybanen må byggast direkte til Vågsbotn med ein gong.

LES OGSÅ: Trafikkauken over Nordhordlands-brua held fram

Til Bergens Tidende seier tidlegare fylkesrådmann, noverande direktør i Bybanen AS, Paul M. Nilsen, at når Eikåstunnelen er ferdig om nokre år, kan Vågsbotn verta eit byttepunkt mellom buss og Bybane.

Her vil han ha innfartsparkering og depot for Bybanen i Vågsbotn.

– Konsekvensvurderinga har sett lite på dei ytterste delane av traseen, men det bør vurderast, seier Paul M. Nilsen i Bybanen AS til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Regjeringa lovar Nyborgtunnel

Noverande fylkesrådmann, Rune Haugsdal vil og til Vågsbotn.

«Alternativ 2C er raskast og rimelegast frå Eidsvåg til Åsane terminal. Det er godt integrert i framtidig senterutvikling med sentralt stopp i Åsane sentrum/torg. Dette styrkjer Åsane sentrum.

I kombinasjon med alternativ 1Cb til Vågsbotn med kollektivterminal på C-tomta, vil utviklingspotensialet for sentrumsområda i Åsane verta ytterlegare styrkte.» skriv fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei pressemelding.

– Framføring av Bybanen til Åsane er eit stort og viktig grep for å nå ambisiøse målsettingar om auka andel kollektivreisande i Bergensområdet. Viktige mål for Bybanen er å bidra til miljøvenleg byutvikling, effektiv ressursbruk og vere eit synleg og integrert element i bymiljøet. Dette er eit konsept og prinsipp som eg støttar fullt ut, seier fylkesrådmannen i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Vil legga E39 i lokk

– I tillegg er det viktig at Bybanen betener Bergen sentrum på ein tilfredstillande måte. Dermed må Bybanen gå på prioritert trase med korte avstandar mellom buss og bane og med trygge haldeplassar. Dette gjeld uavhengig av om ein vel dagløysing eller tunnel.

Alternativ 1Cb, altså til Haukås, gjev etter fylkesrådmannen sitt syn best plassering og utforming av terminal for det heilskapelege kollektivsystemet, samt eit effektivt køyremønster for buss inn mot Bybanen. Nytt motorvegkryss på Hesthaugvegen er ei utfordring kostnadsmessig og i høve til estetisk utforming.

LES OGSÅ: Fryktar kollaps på E39

Hordaland fylkeskommune si fråsegn til trasevalet for Bybanen frå Sentrum til Åsane skal vedtakast av fylkesutvalet 24. mai. Samferdselsutvalet kjem med si innstilling i møte 22. mai og kultur- og ressursutvalet 23. mai.

Artikkeltags