Snart bygger dei viadukten

SLIK VERT DET: Nokre av endringane på E39 vert permanente, medan andre berre er for ein periode. Det vert mange endringar for billistane å forhalda seg til dei neste månadane i Vågsbotn-området.

SLIK VERT DET: Nokre av endringane på E39 vert permanente, medan andre berre er for ein periode. Det vert mange endringar for billistane å forhalda seg til dei neste månadane i Vågsbotn-området. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

I helga må du bu deg på stengte vegar i Vågsbotn.

DEL

Årsaka er omlegging av vegar og nedlegging av høgspentkablar.

Difor vert E39 steng mellom Nyborgkrysset og rundkjøringa i Vågsbotn natt til laurdag 1. juni og natt til søndag 2. juni.

Tunnelløpa ferdigsprengt

E39 vil vere stengt mellom kl.22.00 og 07.30 natt til lørdag og søndag.

Natt til tirsdag 4. juni vil E39 bli lagt om over tunnelportalane mellom rundkjøringa i Vågsbotn og Vikaleitet. Omlegginga vil skje mellom kl. 23.00 og 05.30, og det vil bli manuell dirigering og nedsett fart på strekninga i dette tidsrommet.

LES OGSÅ: Nytt kjøremønster i Vågsbotn

I løpet av veke 23 vil også rv. 267 Åsamyrane verte stengt på nattestid mellom rundkjøringa til Plantasjen og rundkjøringa i Vågsbotn for omlegging av høgspentkablar. Omkjøring vert skilta.

Arbeidet med dei nye tunnelane i Vågsbotn går sin gang og ei av tre bruer over Haukåselva er tatt i bruk, og arbeidet med dei to andre har starta opp. Begge løpa av tunnelen gjennom Eikåsen er ferdig sprengt, og Statens Vegvesen er i full gang med vatn- og frostsikring. I Vågsbotn er portalane ferdig støypt.

På nordsida av Vikaleitet blei E39 lagt om natt til 26. mai og på ny bru over Haukåselva.

Det blei også etablert ei rundkøyring for tilkomst til Motorsportsenteret, Åsane Sand og Singel og anleggsområdet. Nord for den nye brua svingar vegen inn igjen på dagens E39 gjennom Haukåskrysset. E39 vil bli liggande slik i om lag eitt år.

Masseutskifting for ny E39 med tilhøyrande lokalvegar og avkøyrsler blir no starta opp og arbeidet med bruene over Haukåselva vil fortsette.

Legg om rundkøyringa i sommar

All gang-og sykkeltrafikk og nye busshaldeplassar langs E39 vil bli flytta permanent over tunnelportalane.

LES OGSÅ: Må stenga E39 om natta

Etter denne trafikkomlegginga vil arbeidet med den 300 meterlange viadukten over rundkøyringa i Vågsbotn kunne starte opp.

Arbeidet med å bygge firefeltsveg frå rundkøyringa i Vågsbotn til krysset ved Haukås Næringspark er godt i gang. Vegen skal etter planen vere ferdig hausten 2014.

I løpet av sommeren/tidleg haust vil det kome to større trafikkomleggingar i Vågsbotn.

Stenger vegen til Plantasjen for bilar

Først vil E39 og E16 bli lagt om i ei mellombels rundkøyring medan den nye store rundkøyringa i Vågsbotn blir bygt. Deretter vil vegane bli lagt om i den nye rundkøyringa.

Fv. 267 Åsamyrane vil få stengt eitt køyrefelt mellom rundkøyringa i Vågsbotn og rundkøyringa ved Plantasjen, og vegen blir kun open for busstrafikk og køyring til eigedommane.

Nærare informasjon om desse trafikkomleggingane vil bli sendt ut når arbeidet nærmar seg.

LES OGSÅ: Kleppa fyrer første salve

Artikkeltags