- SMS-terror er feigt

Artikkelen er over 11 år gammel

Mange SMS-truslar – men sjeldan vald.

DEL

- Det er feigt å skriva trussel-meldingar på SMS og nett. Skal ein vera tøff i trynet, får ein våga å gjera det ansikt til ansikt.

Det meiner ungdomar Nh har snakka med i Knarvik. Dei stadfestar at det florerer ein god del SMS-truslar på nett og SMS i ungdomsmiljøet.

- Vi synest det er feigt å gøyma seg bak mobilen og dataen, når du ikkje tør å gjennomføra det. Difor er ikkje vi redde for desse truslane, seier nokre av gutane.

- Det er uansett heilt blåst å skremma folk med bank. Mobbing og truslar er berre tragisk, og lite tøft, meiner jentene i forsamlinga, Katinca Våge og Katrine Hansen.

Samlast til valdsepisodar

I følgje ungdomane hender det at folk som har fått truslar i neste omgang blir banka opp.

Det er ikkje uvanleg å samla troppane via SMS til å oververa valdsepisodar når den som har fått truslar skal få gjennomgå.

- Det er enkelte som går litt for langt. Men som oftast skjer det ingen ting, seier ungdomane. Dei trur ikkje det er meir vald no enn tidlegare, sjølv om SMS-truslane har vorte hyppige.

- Det er mange som trur dei er kule når dei kan trua nokon via SMS eller nett, seier Ruben Johansen og Eivind U. Knudsen.

Truslar frå bysida

Dei fortel at SMS-truslane florerer i store deler av Nordhordland. Mange blir også trua med bank av ungdom frå bysida.

Ruben har opplevd å bli vekt av telefonen og trua med å bli banka. Men han har aldri tatt truslane på alvor, seier han.

Sjølv fortel han at han er med i ein kameratflokk på skulen som blir kalla ”gjengen”.

- Elevane seier dei er redde for oss, men vi er ikkje farlege. Vi tar ikkje folk utan grunn, forsikrar han.

- Dramatisert

Denne veka vart ein 15-åring banka og brennemerka av sigarettglør.

Vedkomande melde forholdet, og skal seinare ha fått truslar på SMS om at han risikerer bank for å ha gått til politiet.

- Dette var ei sak som vart feilt framstilt i lokalavisene. Det var nemleg ikkje så dramatisk som folk kunne få inntrykk av i avisa, seier ein av karane som sjølv var med på valdsepisoden. Han ønskjer ikkje å stå fram med namn i avisa.

I avsky

Ungdomane reagerer sterkt på at ei jente er uthengt i svært nedsetjande vendingar på Youtube.

- Det er veldig dårleg gjort. Alle tar avstand frå noko sånt, og vil støtta henne som er utsett for noko så frykteleg. Kjempebra at så mange engasjerer seg på Facebook i avsky mot denne episoden, synest dei.

Politiet har gjort det klart at dei vil SMS-terroren til livs. I Nh lørdag gjekk lensmann Einar Vatne ut og bad ungdom og foreldre melda trakkasering og truslar via SMS og nett.

Artikkeltags