Slutta i oppdrettsgigant - satsar på fisk i Afrika

TILAPIA-OPPDRETT: Hjelmåsverksemda Hauge Aqua AS satsar på oppdrett av tilapia i Burundi, eit av verdas fattigaste land. Tilapia er ein ferskvannsfisk, og fetteren til fisken som vert omtala som Jesus-fisken - den Jesus brukte då han metta 5000 menneske med to fiskar og fem brød, ifølgje Bibelen. - Tilapia kan kjøpast  i supermarked i heile Europa, den smakar relativt lite og er difor godt eigna til matlaging, seier Cato Lyngøy.

TILAPIA-OPPDRETT: Hjelmåsverksemda Hauge Aqua AS satsar på oppdrett av tilapia i Burundi, eit av verdas fattigaste land. Tilapia er ein ferskvannsfisk, og fetteren til fisken som vert omtala som Jesus-fisken - den Jesus brukte då han metta 5000 menneske med to fiskar og fem brød, ifølgje Bibelen. - Tilapia kan kjøpast i supermarked i heile Europa, den smakar relativt lite og er difor godt eigna til matlaging, seier Cato Lyngøy. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Ikkje berre vil dei driva lakseoppdrett her heime, dei vil og hjelpa lutfattige afrikanarar til å styrka eigen matvareproduksjon.

DEL

Hauge Aqua som vart etablert i 2012 i Storneset på Hjelmås, er eigd av brørne Arthur og Cato Lyngøy, og Audun Andreas Dahl.

– Selskapet vaks ut av ein draum om å bruka kompetansen til noko meir, og om å flyga på eiga hand. Nokon kallar det eit kall, seier Cato Lyngøy til nh.

LES OGSÅ: Naboprotest mot næringspark

Han slutta i jobben hjå Marine Harvest i mai i fjor, etter å ha jobba ulike plassar i havbruksnæringa sidan 1988.

– Eg hadde ikkje trang til Afrika i det heile. Men ein tremenning, Arne Sylta som har jobba med å etablera mikro-finans i Burundi sidan 2008, har sagt mange gonger at dei treng oppdrett til matproduksjon, du Cato har kompetansen, du må bli med.

– Om eg skulle ta eit så stort sprang, måtte eg vita at det var meir enn eventyrlyst. Noko Gud har bekrefta på ulikt vis.

Ikkje bistand, men business

Cato og kona Ruth hadde sin første tur til Burundi i mars i fjor.

– Allereie på andre turen i oktober inngjekk vi avtale med myndigheitene om å vera deira partnar om å utvikla oppdrett i Burundi, seier han. Og legg til at dei heile tida har gått i den tilliten og truverdet som Hauge Micro Finances har opparbeidd gjennom Arne Sylta.

LES OGSÅ: Skal du på sydentur og manglar gyldig pass, er det langt ifrå sikkert at du får naudpass

– Vi trur at å etablera berekraftige verdikjeder og læra dei forretning er den beste måten å hjelpa menneske på. Vi tilbyr dei stegvis opplæring, men dei må sjølv velja å nytta den sjansen, seier Cato og presiserer at dette ikkje er bistand, men business.

Stort potensiale

– Oppdrett ein fantastisk måte å produsera mat på, og tilapia er ein fisk som finst i alle innsjøar midt inne i Afrika. Der er fiskeria redusert med 50 % dei seinare åra, då ser vi at vi kan gjera ein stor skilnad med vår kompetanse, seier han.

– Til forskjell frå laks er tilapia ein vegetarianar, og vi kan dermed skapa forretning i lokal råvareproduksjon til fôret. Får vi til eit berekraftig oppdrett, kan det bli mykje god forretning for veldig mange, seier Cato Lyngøy.

LES OGSÅ: BKK setter opp designmast på Radøy

– Men vi må vera budd på at det tar tid å bygga ting opp. Samtidig ser vi ein veldig vridning i bistandsmidlar, bort frå uhjelp til å bygga forretning. Eg trur vi skal kunna kvalifisera oss til ein del slike midlar, seier han.

Norsk lakseoppdrett

Hauge Aqua vil og satsa på oppdrett av laks i Norge.

– Vi nådde ikkje opp i konsesjonsrunden no. Difor vert Afrika meir aktuelt, der er det opne dører til tusen, seier Cato.

Selskapet har fått 300 000 kroner i tilskot frå Innovasjon Norge til utvikling av oppdrettsteknologi .

– Vi ønskjer å utvikla ny produksjonsplattform som kan gje oss betre grunnlag for å søka konsesjon i neste runde, seier han.

LES OGSÅ: Rekordsal av billettar til Utkant

– Det skjer først i 2017, så vi har god tid til å tenka oss om. Utfordringa no er å skapa forretning ut av satsinga i Afrika. Eit kontinent som er alt frå folk som svelt i hel, til menneske som er mykje rikare enn nordmenn flest, og med enorme forretningsmoglegheiter.

Produksjon neste år

– Kva løp har de lagt i Burundi?

– Avtalen med myndigheitene er å etablera eit nasjonalt klekkeri, til avl og produksjon av yngel som skal seljast vidare til mange mindre verksemder som vi har lært opp til å driva moderne tilapia-oppdrett. Vi håper å vera i produksjon i løpet av eitt år. Det er eit sterkt ønske frå myndigheitene om at vi skal koma i gang, og vi prøver å gjera ein kopi av slik den norske oppdrettsnæringa starta på 60-talet.

Inspirert av Hans Nielsen Hauge

Når vi spør, fortel Lyngøy at Hauge Aqua og Hauge Micro Finances, har Hauge-namnet frå Hans Nielsen Hauge.

– Han balanserte på ein veldig god måte, dette med Gudstru og det å bruka evnene sine til å bygga business til beste for lokalsamfunnet og folka som budde der.

LES OGSÅ: Gulen-firma kjøpte superbil

Artikkeltags