Gå til sidens hovedinnhold

Sløvåg-ferja ute igjen

Artikkelen er over 6 år gammel

M/F «Melderskin» slit med framdriftssystema. Vert truleg ute ei god stund. For helga har Norled berre ei lita ferje å setja inn på strekka.

Nok ein gong er ferja mellom Sløvåg og Leirvåg ute av drift. Berre tre veker etter at ferja sist var ute av drift.

Klokka 11.37, fredag føremiddag sendte Norled ut SMS-varsel om at ferja var ute av drift grunna tekniske problem. Ein time seinare meldte dei at skyssbåt var sett inn på ruta og at ei reserveferje ville verta sett inn i løpet av kvelden.

– Me er ikkje sikre på årsaka enno, men det har truleg oppstått ein skade på drivlinja slik at det ikkje er framdrift i eine enden på ferja, seier Inge Andre Utåker, regionsjef for ferjer i Norled til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Reserveferje vert sett inn

Det betyr at ferja etter alt sannsyn må i dokk, noko som skjer tidlegast tysdag.

Som erstatningsferje set dei inn M/F «Ølen», ei ferje med ein kapasitet på 51 personbilar, mot 112 på M/F «Melderskin».

– Så kjem det ei ferje av full storleik inn frå måndag kveld av, seier Utåker.

– Kva har du å seia til frustrerte reisande?

– Akkurat no kan eg ikkje anna enn å beklaga, seier Utåker.

Han viser til at Norled til vanleg har to reserveferjer i Hordaland. Nett no var begge tilfeldigvis i drift, då det var to andre ferjer som var inne til service.

– Er M/F «Melderskin» ei god nok ferje å bruka over Fensfjorden?

– Ja det er den, seier han.

– Men skjønar du frustrasjonen til dei reisande, som opplever at ferja er ute veldig ofte?

– Eg forstår at dei er frustrerte kvar gong det skjer noko. Og alle som har vore ute og reist og opplevd at transportmiddelet deira ikkje går når det skal gå. Men det store biletet, som fleire journalistar bør sjå, er at regulariteten på ferja er god, seier han.

– Men det er rett at me får kritikk i dag, men ikkje i at den er ofte ute, seier han.

– Så det du seier er at dei reisande over Fensfjorden bør vera førebudde på at ferja er ute så ofte som den er per i dag?

– Ja, eigentleg er det det eg seier, seier han.

LES OGSÅ: Ferge innstilt grunna påhengsmotor

Reisande og lokalbefolkning som avisa Nordhordland har vore i kontakt med, er langt frå nøgde.

– Eg er rimeleg fortvila. Det nærmar seg ei tålegrense, seier Ivar Eide, leiar i Gulen og Masfjorden næringsråd.

Han seier mange er byrja å køyra rundt, for å sleppa å vera avhengig av ei ustabil ferje. Sjølv køyrer han drosje, og seier at kansellerte ferjer skapar problem.

– Dagane vert snudd på hovudet. Me har mange timar i Bergen me skal rekka. Men når folk skal rekka fly, har me byrja å køyra rundt for å vera på den trygge sida, seier han.

Amund Nordli er ein av dei som pendlar frå Masfjorden til Mongstad kvar dag.

– For meg som bur i Duesund og arbeider på Mongstad er det klart at ferja er eit irritasjonsmoment. Det er nesten ei helseplage, heile ferja, seier Nordli litt humoristisk.

LES OGSÅ: Fekk ikkje start på ferja(!)

Men det er ikkje særlig morsomt, for Nordli har fleire gonger måtte køyre rundt etter endt arbeidsdag.

– Då tek eg kabelferja, og må rekne med å stå over ein tur sidan det då vert mange som køyrer den vegen, seier han.

Nokre gonger har han rett og slett vore heime frå jobb, for han ville ikkje rukke fram før han måtte snudd igjen for å rekke å hente i barnehagen.

– Dette er tapt arbeidsforteneste, og det er rett og slett uakseptabelt. Jobben dekkjer jo ikkje at eg må vere heime på grunn av ei ferje, så då går no dagen, peikar han på.

– Kva må gjerast?

– Dei må få inn ny ferje. Og aller helst må dei ha inn ei skikkelig reserveferje og, så vi slepp lita på ei som ligg altfor langt vekke.

For Lotte Rambjørg er også ferja eit stort irritasjonsmoment. Ho bur for tida i byn og pendler heim i helgene, men er ofte heimom i vekedagane og.

– Den ferja står altfor mykje, det er ei skam! Med alle dei arbeidsfolka som pendlar over fjorden burde det vore ei selfølge at ferja er påliteleg.

LES OGSÅ: Så mange gonger var «Melderskin» ute av drift i 2013

I dag står ferja igjen, det er fredag og nyopning i næringsbygget i Sløvågen.

– Det er klart folk vert ramma. Eg reagerte med ein gong, den store nyopninga og så står ferja. Det er heilt utruleg.

– Kva må gjerast?

– Dei må få inn ny ferje med ein gang! Vi kan ikkje lita på ei ferje som står anna kvar helg, den er moden for utskiftning, og sånn er det, seier Rambjørg.

LES OGSÅ: Krev ny ferje over Fensfjorden