LINDÅS:I Lindås kommune forskar dei på omsorgsteknologi, og søker no deltakarar til førebyggande omsorg og personar som allereie er hjelpetrengande.

– Folk ønskjer helst å klara seg sjølve. Riktig bruk av hjelpemidlar kan for mange bety at dei slepp å flytta på omsorgsheim, og kan bu heime lenger, seier Oddrun Storheim Hoel.

Ho er sjukepleiar i heimetenesta og ressursperson i omsorgsteknologi-prosjektet.

Automatisk varsling

– Det som er nytt innan omsorgsteknologien, er at ein har automatiske varslingssystem via ei rekkje hjelpemiddel, seier prosjektkoordinator Gro Løvik.

I heimen kan brukarar få installert rørslesensorar som registrerer aktivitet i bustaden. Manglande rørsle i bustaden over ei viss tid, vil automatisk varsla ein vaktsentral som er betjent 24 timar i døgnet. I tillegg til tradisjonell tryggleiksalarm som mange er kjende med, kan ein og få ei fallsensor. Den har ein rundt halsen eller i lomma, og sensoren registrer både nedslaget frå eit fall og endringar i trykk om ein blir liggande på golvet. Går det for lang tid varslar den vaktsentralen.

LES OGSÅ: Vil bruke mer teknologi

– Gjennom heimesentral-apparatet som skal henga på veggen, får ein direkte kontakt med vaktsentralen, og ved varslingar vil dei ta kontakt innan 30 sekund, seier Løvik. Ho utløyser fallalarmen, og ikkje lenge etterpå høyrer vi ei høg og tydeleg stemme gjennom apparatet.

– No kan dei snakka med den som er i rommet, og høyra om alt står bra til. Har det skjedd noko, så vil dei tilkalla hjelp, seier Løvik.

Dør-, seng- og stolsensor

Ein sensor på dørene, vil registrera folk som går ut eller inn av bustaden. Ein sengsensor vil registrera om ein står opp om natta, og i tillegg aktivera eit lys, slik at ein slepp å gå i mørket. Den kan koplast saman med ein sitjesensor i stova.

Om ein forlet senga og ikkje kjem tilbake innan ei viss tid, vil vaktsentralen bli varsla så sant ein då ikkje har sett seg på sitjesensoren.

– Folk har ulike behov, og ein treng ikkje ta i bruk alle apparata, seier Løvik.

Innan 2020 er alle kommunane i Norge pålagt å ha dette omsorgstilbodet, men sjølve forskingsprosjektet i Lindås blir avslutta om nøyaktig eit år.

– Då er det opp til politikarar om dei vil halde fram, eller venta til 2020, seier Løvik.

LES OGSÅ: Her vil Giske satse

Så langt er 105 personar med i prosjektet, men det er kapasitet til 250 stykk.

– Tilbakemeldingar frå brukarar og deira familie så langt er veldig positive, seier Løvik.

Open dag

Mandag hadde Lindås kommune ein demonstrasjon av ein omsorgsbustad der alle hjelpemidlar var installert. Jostein Sjurset og dottera Ingunn Lundøy Sjurset var på staden for å høyra meir om sjølve forskingsprosjektet, og ikkje minst om kva slags hjelpemidlar som var tilgjengeleg.

– Dette var veldig interessant, men eg sit igjen med spørsmål om kva som skjer om eit år når prosjektet er over, seier Sjurset.

Han vil nødig installera tallause hjelpemidlar i huset sitt visst det berre er mellombels.

Positiv til vidareføring

Kommunestyrepolitikar og leiar i levekårsutvalet, Jostein Hellestveit, er positiv til ei vidareføring av dei nye tenestene innan omsorgsteknologi.

– Eg kan ikkje svara heilt sikkert på kva som skjer vidare, men ein moglegheit er ei vidareføring av sjølve pilotprosjektet. Det vil seia at prosjektet får ein fase to, seier han.

Om ikkje det skjer vil kommunen vurdera å halde fram med tenestene, basert på dei erfaringane ein no haustar. Dersom ny omsorgsteknologi kan føra til at fleire kan bu heime lenger, og sleppa å flytta på aldersheim, vil det kunne innebere store innsparingar for kommunen, seier Hellestveit.