Slagverk-ensamble til topps i NM

Artikkelen er over 12 år gammel

Ungdommane i Nordhordland Slagverk Ensamble utklassa all konkurranse i NM i helga, og kan no med rette kalla seg Norgesmeistrar.

DEL

Ensamblet, som består av Andreas Dyngen (15), Martin Furevik (15), Håkon Rongevær (12), Torgeir Andvik (14) og Magnus Heir (12), konkurrerte i klassen fødd i 1990 eller seinare, og det var tydeleg at dommarane let seg imponera av den slagkraftige gjengen frå Nordhordland.

Nordhordland Slagverk Ensamble var det einaste slagverk-ensamblet som deltok i konkurransen, og ungdommane utkonkurrerte både strykare og blåsare i den harde konkurransen.

Erlend beste solist

Men det var ikkje berre trommisane som gjorde sine saker bra i NM. Erlend Aagaard-Nilsen frå Manger skulemusikklag og Manger Musikklag vann open klasse i NM for solistar.

Les meir om NM i lørdags-nh...

Artikkeltags