Iben og Leonida er to av fleire hundre nordhordlendingar som måndag byrja på skulen for fyrste gong: – Det er ein spanande dag

VERT PASSA GODT PÅ: Iben Stavenes og Leonida Topali hadde sin fyrste skuledag på måndag. For å sørga for at det går bra, vert dei passa på av fadrane frå 5.klasse. David Steffensen, Gjena Topali og Stine Brosvik Borlaug hugsar sjølve korleis det var å byrja på skulen. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

VERT PASSA GODT PÅ: Iben Stavenes og Leonida Topali hadde sin fyrste skuledag på måndag. For å sørga for at det går bra, vert dei passa på av fadrane frå 5.klasse. David Steffensen, Gjena Topali og Stine Brosvik Borlaug hugsar sjølve korleis det var å byrja på skulen. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Iben Stavenes og Leonida Topali hadde måndag sin fyrste skuledag. Det var to svært spente barn som møtte opp på skulen. Heldigvis hadde dei dei store fadarane i 5. klasse til å passa på seg.

DEL

60 elevar fordelt på fire klassar hadde sin fyrste skuledag på Sagstad skule måndag. Aldri før har det vore så mange klassar ved skulen. Blant dei spente barna var Iben Stavenes og Leonida Topali.

Fått ny ven alt

– Det er kjekt og spanande, seier Leonida til avisa Nordhordland.

Ho hadde alt fått seg ein ny ven fyrste skuledag, Julie.

Men det er ikkje berre det å få seg nye vener Leonida gler seg til.

– Eg gler meg til å leika og læra ting og å gjera lekser, seier ho.

For å gje borna ein tryggare starta på den lange skuletida, har dei fadarar frå 5. klasse som passar på dei.

– Det er kjempekjekt å vera fadder, seier David Steffensen.

Jobben deira er å passa på at dei nye elevane har nokon å vera med, så dei ikkje går rundt i skulegarden åleine. Det er Iben, som har David som fadder glad for.

LES OGSÅ: Skulestart: – Er redd for at borna skal stå åleine i friminutta

– Glad for å ha fadder

– Eg er glad for å ha ein fadder. Me har gjort litt lekser saman, leika og så har han vist meg rundt på skulen, fortel Iben.

Gjena Topali og Stine Brosvik Borlaug er fadarar for Leonida.

– Me skal vera snille med dei små, så dei føler seg trygge, seier Gjena.

LES OGSÅ: La borna gå til skulen!

– Følte meg liten

Fadder er noko dei er heile det kommande skuleåret. Dei hugsar alle sjølve då dei byrja på skulen.

– Det var skummelt då eg såg så masse folk. Då følte eg meg liten, seier Gjena.

– Då var det veldig greitt å ha ein fadder. Då følte eg meg veldig trygg, seier ho.

Totalt er det 380 elevar ved Sagstad skule, 60 av dei byrjar i førsteklasse. Grunna bokmål, har dei for fyrste gong fire klassar på skulen. Så no byrjar det å verta fullt på skulen.

– Alt er tatt i bruk, så me har eigentleg ikkje fleire rom att, seier rektor Magne Lædre.

No står berre sløydsalen og skulekjøkkenet att.

– Det syng på siste verset. Men det er planar for å bygga ut, så me går betre tider i møte, seier rektor optimistisk.

LES OGSÅ: Sikre skulevegar?

Artikkeltags