Medelevane ved Knarvik vidaregåande er i sorg etter den tragiske ulukka fredag, der søstrene Kjersti og Renate Sleire Holmaas omkom.
Flagget vaia på halv stang ved den vidaregåande skulen i Knarvik måndag. Ute og inne stod elevane i små grupper, eller saman to og to.
Mange gret og klemde kvarandre, andre var berre stille. Også dei som ikkje kjende dei to omkomne søstrene var sterkt prega av den tragiske hendinga.
Klokka ti heldt skulen minnestund for klassane og parallellklassane til dei to jentene. Her medverka sokneprest Åge Palmesen og lensmann Einar Vatne.
Etter at minnestunda var over, vart det lagt ut kondolanseprotokoll kor alle elevane fekk skriva si siste helsing. På bordet vart det sett opp bilde av dei to jentene, roser og levande lys.
- Elevar og vaksne ved skulen er prega av sorg og fortviling. Alt vi kan gjera er å forsøka å ta vare på kvarandre så godt det let seg gjera, seier rektor Inge Alver.
Han er glad for at dei fekk helga på seg til å førebu seg. Skulen sitt hjelpeapparat er på plass for dei elevane som treng det.
- Ut over mandagen kom vi etter kvart inn i vanlege rutinar. Men det er klart at det som har skjedd kjem til å prega skulen her lenge, seier rektoren.