Desse ungdommane får oppleve rumenarar sine liv på nært hald

FORVENTNINGSFULLE ELEVAR: Andreas Angeltvedt, Leah Sophie Wohlgemuth, Silje Nordal, Thea Risøy og Eduard Andacs reiste som elevrepresentantar for å sjå skulen sitt arbeid i Romania.

FORVENTNINGSFULLE ELEVAR: Andreas Angeltvedt, Leah Sophie Wohlgemuth, Silje Nordal, Thea Risøy og Eduard Andacs reiste som elevrepresentantar for å sjå skulen sitt arbeid i Romania. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Medan folk flest førebudde seg til påske, førebudde desse ungdommane seg til sterke inntrykk i Romania.

DEL

Førre onsdag reiste fem spente elevar frå Knarvik Vidaregåande Skule til Craiova i Romania. Saman med elevinspektør Jan Erik Espelid skal dei få sjå på arbeidet til Adina Stiftelsen, som skulen støttar gjennom ein årleg pengeinnsamling. Nh Ung tok ein prat med dei fem ungdommane, og snakka om forventingane deira, før avreise.

Thea Risøy (16) går TAF Helse ved Knarvik VGS, og gleda seg til å oppleve forskjellane i spesielt ungdomskulturen i Romania i forhold til i Noreg.

– Likevel gruar eg meg noko til vi skal besøke familiane, seier ho.

Ho peikar på dei enorme forskjellane mellom graden av velstand dei til vanleg lever i, og som dei no skal få oppleve på nært hald.

Besøk i private heimar

Elevane skal på fem dagar besøke fleire av Adina sine prosjekt, som skulen og skulefritidsordninga i den vesle tettstaden Goiești, utanfor Craiova. Det fleire av dei trekte fram som høgdepunkt er dei planlagde besøka til private heimar, for å sjå korleis «det verkelege» livet for mange rumenarar er.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Eduard Andacs (16) er sjølv rumenar frå Simeria, men har budd i Noreg sidan han gjekk i sjuande klasse.

– Eg har sjølv berre sett den gode sida av Romania, som eg veit Bran og andre turistplassar viser. Derfor gler eg meg til å sjå korleis livet på andre sida av landet er, og kor store forskjellane er, fortel han.

Andacs kjenner språket svært godt, og skal derfor også fungere som tolk for den norske delegasjonen. Han besøker årleg Romania, og meiner det er svært bra at skulen hans no vil hjelpe til med å jamne ut forskjellane i landet.

BAKGARD: Mange husstandar driv med sjølvforsyning ved dyrking av grønsaker og dyrehushald utanfor husa. (Bildet er tatt frå eit tidlegare elevbesøk i Romania)

BAKGARD: Mange husstandar driv med sjølvforsyning ved dyrking av grønsaker og dyrehushald utanfor husa. (Bildet er tatt frå eit tidlegare elevbesøk i Romania) Foto:

– Eg trur at norske og rumenske ungdommar eigentleg er ganske like, men manglar same hjelpemiddel for å lykkast i livet, seier Silje Nordal (16) frå Frekhaug. Samstundes trekk ho fram at å oppleve kvardagslivet i ein annan kultur vil vere ei unik oppleving ho ikkje ville avslå.

Oppleve for å forstå

Adina sitt skuleprogram har hjelpt mange ungdommar til å fullføre skulen, samt å komme ut i arbeidslivet. Dette er no ein del av prosjektet Knarvik vidaregåande skule skal støtte.

– Vi har jo sett ein god del bilde av Romania, og korleis forholda nokre stader ikkje er haldbare. Det må opplevast for at vi skal forstå kor ille det faktisk er, fortel Andreas Angeltvedt (17) frå Åsane.

Han gler seg også til å ta bilde på turen, med eit ønske om å vise fram forholda i den fattige tettstaden.

STORE FAMILIAR I SMÅ HUS: På landsbygda utanfor Craiova er det vanleg at store familiar bur saman i små hus. Her er det berre to rom, som gjer at eldstemann i huset må sove i stolen dei sit i. (Bildet er tatt på eit tidlegare elevbesøk i Romania)

STORE FAMILIAR I SMÅ HUS: På landsbygda utanfor Craiova er det vanleg at store familiar bur saman i små hus. Her er det berre to rom, som gjer at eldstemann i huset må sove i stolen dei sit i. (Bildet er tatt på eit tidlegare elevbesøk i Romania) Foto:

Leah Sophie Wolghemuth (17) frå Alversund, held fram med å fortelje om korleis ho vart interessert i det austeuropeiske landet, gjennom ei bok ho las.

– Etter at eg leste boka Til Salgs av Iana Matei vart eg meir opplyst om kriminalitet som gjekk på menneskehandel i landet.

Enorme kontrastar

Likevel har ho eit greitt inntrykk av landet, og gler seg slik som dei andre, til å få oppleve ei anna verkelegheit enn den norske ordinære kvardagen.

Elevane er førebudde på at det som ventar dei i Romania vil vere inntrykk av ein tøff kvardag dei sannsynlegvis aldri vil oppleve igjen. Forskjellen i levestandarden er stor berre frå Craiova til Goiești, og enorm med tanke på standarden i hovudstaden, Bucuresti.

– Eg håpar skulen min kan vere med på å forandre kvardagen til ungdommane til det betre, og at elevane på skulen min er villige til å hjelpe dei, seier Eduard Andacs, før avreise.

Nh Ung-journalist Julie Sætre har sjølv vore på reise med Adina Stiftelsen til Romania. Hennar erfarnga kan ein lese meir om her.

– Dei var så lykkelege under dårlege kår 

Artikkeltags