Skulestart: – Er redd for at borna skal stå åleine i friminutta

HEKTISK: Det var full aktivitet i skulegarden på Sagstad skule måndag. For å sørga for at alle dei minste hadde nokon å vera med, var det fadrar på plass for å hjelpa dei.

HEKTISK: Det var full aktivitet i skulegarden på Sagstad skule måndag. For å sørga for at alle dei minste hadde nokon å vera med, var det fadrar på plass for å hjelpa dei. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er nok ikkje noko problem inne i timen, men det er friminutta eg kvir meg mest til.

DEL

Det seier Gjermund Førde Flatøy til avisa Nordhordland.

Saman med Ana Opsanger var dei med på dottera sin fyrste skuledag på Sagstad.

– Minst like spanande for oss

Og han legg ikkje skjul på at det er ein spanande dag for dei vaksne og.

– Det er minst like spanande for foreldra som for ungane. Eg har sommarfuglar i magen i dag, seier han.

– Du vil jo at dei skal trivast og ha det bra, seier han.

Harald Norheim har ein son som byrja på Sagstad måndag.

– Det har gått fint. Det har vore spente ungar, men det er ein kjekk klasse og greie lærarar. Så dette går seg til, seier han.

– Kva tenker de mest på som foreldre?

– At dei finn seg til rette og vert trygge, seier Norheim.

– Det er nok ikkje noko problem inne i timen, men det er friminutta eg kvir meg mest til. At dei ikkje vert ståande åleine, men får nokon å vera med, seier Flatøy.

Laila Haugland er kontaktlærar for 1B ved Sagstad skule. Ho hadde og sommarfuglar i magen før skulestart.

LES OGSÅ: Iben og Leonida er to av fleire hundre nordhordlendingar som måndag byrja på skulen for fyrste gong: – Det er ein spanande dag

– Sommarfuglar i magen

– Eg trur eg hadde like masse sommarfuglar i magen i dag tidleg som elevane, seier ho til avisa Nordhordland.

Etter fire år med same klasse, er ho no klar for å ta laus på ein heilt ny klasse med skuleungar.

– Det er alltid veldig spanande å byrja med ein heilt ny gjeng der ein ikkje kjenner nokon frå før av, seier ho.

Dei kommande åra har ho ansvar for 18 elevar. Aller fyrst må ho verta kjent med dei.

– Eg må finna ut kven som kan kva, for det er så ulikt. Nokon kan masse og andre skal læra alt, seier ho.

KONTAKTLÆRAR: Laila Haugland skal passa på elevane i klasse 1B dei komande åra.Ho gler seg til å komma i gang og verta kjent med borna.  FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

KONTAKTLÆRAR: Laila Haugland skal passa på elevane i klasse 1B dei komande åra.Ho gler seg til å komma i gang og verta kjent med borna. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Ungane går på skulen frå 08.30 til 12.50 kvar dag. På onsdag er dei der til 14. No skal dei læra seg alle bokstavane, både små og store, og tal. Og ikkje minst må dei læra seg kva det er å vera ein elev i ein klasse.

Og det er ingen roleg start på dei. Lekser får dei alt fyrste veka.

LES OGSÅ: La borna gå til skulen!

Hektisk skulestart

– Dei vil få lekser i både norsk og matte denne veka, seier ho.

For skulen er det og mykje som må på plass til å ta i mot 60 nye elevar og 320 gamle.

– Det er like kjekt kvart år å møta elevane igjen. Det å sjå gjennsynsgleden på elevar som ikkje har sett kvarandre heile sommaren, seier rektor Magne Lædre.

Han seier skulestart er hektisk, men veldig gøy. Men før elevane kjem på plass er det mykje anna som må på stell.

– Det er ein timekabal som må leggast. Me må ha folk til alle timane, me må finna ut kva elevar skal ha spesialundervisning og kven skal ha særskilt språkopplæring, seier Lædre.

LES OGSÅ: Bygger ut Grasdal og Sagstad skule

Artikkeltags