Nok ein gong vann Rossland skule «Vis med avis»: – Det var gøy å lese nyhende om noko som skjer rett i nærleiken

7. klasse ved Rossland skule vann "Vis med avis". – Det var eit kjekt prosjekt å vera med på, seier Iris Mjelde (12).

7. klasse ved Rossland skule vann "Vis med avis". – Det var eit kjekt prosjekt å vera med på, seier Iris Mjelde (12). Foto:

7. klasse ved Rossland skule tok sigeren i konkurransen «Vis med avis» for 2019.

DEL

Tysdag fekk dei overrekt diplom og 2000 kroner i premie. Klassen på 17 elevar var samde i at pengane skal brukast til pizza og brus når dei skal overnatta i gymsalen (ja, viss rektor synest det er greitt då).

– Vi er ein sosial klasse, som liker å gjera ting saman, så ein pizzakveld passar oss bra, seier dei fornøgd.

«Avis i skulen» er eit tiltak for å få barn og unge til vera meir opptekne av aviser. Kvart år vert det mellom anna arrangert avisveke for 7. klasse i samarbeid med lokalavisene.

Elevane jobbar med lesing og gjennomgang av avisene på skulen. «Vis med avis»-veka blir avslutta med ein test for å sjå kva elevane har fått med seg.

–Mykje viktig skjer i Nordhordland

– Det var eit kjekt prosjekt å vera med på, og vi fekk læra om ting vi ikkje visste frå før. No har ei mellom anna lært at det kjem ny butikk på Sletta, fortel Iris Mjelde (12).

Henrik Ebbesvik (12) seier at han synest det var gøy å lesa Avisa Nordhordland.

– Eg les stort sett om fotball i VG, men no kan eg litt meir om det som skjer her i området også, seier han.

– Det var gøy å lese nyhende om det som skjer rett i nærleiken og lære om kva for går føre seg her kor vi bur, og ikkje berre om ting som skjer i USA eller andre stader i verda. Det er mykje viktig som skjer i Nordhordland også, påpeiker Ida Louise Dahl Eikeland (12).

Sunniva Dale Iden (12) seier prosjektet gav meirsmak til å sjølv verta journalist.

– Eg liker å skrive, og det hadde vore kjekt å jobba i avis og skrive og ting eg interesserer meg for, seier ho.

Kontaktlærer for 7. klasse på Rossland skule, Ann Kristin Fjeldberg og norsklærar Rune Brekkhus er fornøgd med elevane sitt engasjement i "Vis med Avis"-veka.

Kontaktlærer for 7. klasse på Rossland skule, Ann Kristin Fjeldberg og norsklærar Rune Brekkhus er fornøgd med elevane sitt engasjement i "Vis med Avis"-veka. Foto:

– Elevane har vore ivrig

Norsklærar for 7. klasse på Rossland skule, Rune Brekkhus, har stått i bresjen for avis-veka.

– Vi brukte alle norsktimane ei heil veke på dette, og elevane fekk også digital tilgang til avisa, slik at dei kunne lese heimanfrå, fortel han, og legg til at elevane har vist interesse for prosjektet.

–Det verker som om elevane synest det var kjekt. Dei har vore ivrige, vore munnleg aktive og har sete stille og lest i avisa.

Norsklæraren har jobba på Rossland skule i 36 år, og dette er tredje gong hans norsk-klasse stikk av med sigeren.

Også 7. klasse ved Grasdal skule, Eikanger skule og Austebygd skule valde Avisa Nordhordland som si lokalavis.

Artikkeltags