Skulestart på Skodvin: – Det vert annleis

SKODVIN MONTESSORISKULE: Gabriel Kjeilen (12) og Helene Hauge (11) har gleda seg til å ta fatt på ein ny skulekvardag. – Det tar sikkert litt tid å koma inn i alt det nye, men eg trur det vert lettare å lære nye ting no, seier Gabriel. FOTO: Irene b. Jenssen

SKODVIN MONTESSORISKULE: Gabriel Kjeilen (12) og Helene Hauge (11) har gleda seg til å ta fatt på ein ny skulekvardag. – Det tar sikkert litt tid å koma inn i alt det nye, men eg trur det vert lettare å lære nye ting no, seier Gabriel. FOTO: Irene b. Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

66 elevar starta på Skodvin Montessoriskule denne veka. – Det er litt rart at vi ikkje har pultar, seier Gabriel Kjeilen (12), som går i 7. klasse.

DEL

– Det vert veldig annleis å gå på Skodvin Montessoriskule, for sjølv om vi er i same bygg som då vi gjekk på Skodvin skule, er det mykje som vert forandra, seier Gabriel, som mandag denne veka starta i 7. klasse.

– Eg har gleda meg veldig til første skuledag – faktisk har eg gleda meg heilt sidan eg tok sommarferie, fortel 12-åringen.

LES OGSÅ: Iben og Leonida er to av fleire hundre nordhordlendingar som måndag byrja på skulen for fyrste gong: – Det er ein spanande dag

– Kan ligga på golvet

Helene Hauge (11), som mandag starta i 6. klasse, trur ho kjem til å trivast på skulen

– Det er litt rart at vi ikkje har pultar. No kan vi bruka klasseromma fritt, og kan ligga på golvet å arbeida viss vi vil. Men det betyr ikkje at vi kan gjera som vi vil, altså – vi har sjølv ansvar for at vi lærer noko, og det er litt merkeleg å tenka på, seier ho.

–Trur vi lærer meir

Sjølv om elevane får meir fridom enn dei er vane med frå før, trur både Gabriel og Helene at dei kjem til å læra mykje.

– Det tar sikkert litt tid å koma inn i alt det nye, men eg trur det vert lettare å lære nye ting no, seier Gabriel.

– Vi kjem til å læra ting på ein helt anna måte, men det vert meir praktisk, og det synest eg er kjempebra, seier Helene.

LES OGSÅ: – Skulevegen er såpass farleg at vi ikkje vågar å sende dei av garde på eiga hand.

– Uverkeleg og spanande

Monica Thomassen Waage, som er ny rektor på skulen, synest det er kjekt å vera i gong.

– Det tar litt tid før alle har vorte vane med alt som er nytt. Vi i personale må forsøke å visa elevane korleis den nye kvardagen vert – ikkje verre si det.

Ho synest det er både uverkeleg og spanande at den nye kvardagen no er i gong.

– Eg seier som Pippi «dette har eg ikkje gjort før, så det klarar eg heilt sikkert», seier ho med eit smil.

LES OGSÅ: Skulestart: – Er redd for at borna skal stå åleine i friminutta

Artikkeltags