Svindlarar utgir seg for å vere skatteetaten

Oslo  20160717.
Falsk mail sendt tilsynelatende fra Skatteetaten i dag.
Foto: Skjermdump / NTB scanpix

Oslo 20160717. Falsk mail sendt tilsynelatende fra Skatteetaten i dag. Foto: Skjermdump / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Svindlarar har sendt ut ein epost til folk der dei utgir seg for å vere skatteetaten og lovar skatterefusjon.

DEL

I eposten blir folk bedt om å fylle inn eit vedlagt skjema.

«Etter siste årlige beregning av din økonomiske aktivitet har vi fastslått at du er berettiget til å motta en skatterefusjon på: 6056.87 NOK», skriv svindlarane i eposten.

Kommunikasjonsrådgjevar Anette Bjerke i skatteetaten ber folk vere på vakt.

– Dette er eit svindelforsøk for å lure til seg personsensitiv informasjon. Ikkje svar på denne henvendinga, åtvarer ho.

Foreløpig har ikkje skatteetaten motteke mange bekymringsmeldingar frå folk, men dei ser alvorleg på hendinga.

– Vi vil aldri be om kredittkortinformasjon, sikkerhetskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via epost. All vår elektroniske kommunikasjon med skattytarar som omfatter personsensitive opplysningar skjer innlogget via Altinn, forklarer Bjerke.

Ho legg til at etaten tidvis er gjenstand for misbruk i samband med svindelforsøk.

– Slike tilfeller har blitt meldt til politiet tidlegare, seier ho.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken