I dag kjem skattepengane

2,6 millionar får i gjennomsnitt 10.600 kroner igjen på skatten.

2,6 millionar får i gjennomsnitt 10.600 kroner igjen på skatten. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I dag får 3,9 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret. 2,6 millionar får i gjennomsnitt 10.600 kroner igjen på skatten.

Dei 2,6 millionar skattytarane som har skatt til gode, får til saman 28 milliardar kroner tilbake. Ein halv million lønnstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betale til saman ni milliardar kroner, eller 17.600 kroner i gjennomsnitt.

750.000 har verken skatt til gode eller restskatt, enten fordi dei har betalt rett beløp på forskot eller fordi dei ikkje har skattepliktig inntekt eller formue.

Neste skatteoppgjer kjem 2. august. Då er skatteoppgjeret klart for personleg næringsdrivande og deira ektefellar, og lønnstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir. Om lag éin million skattytarar får skatteoppgjeret mellom 2. august og 25. oktober.

Dei som har skatt til gode, får pengane inn på konto eller på utbetalingskort innan tre veker frå 22. juni. Dei aller fleste får pengane på konto oppgjersdatoen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken