No kan du søke i skattelistene

For å søke må du gå til skatteetaten sine nettsider og logga deg inn. Foto: Skjermdump

For å søke må du gå til skatteetaten sine nettsider og logga deg inn. Foto: Skjermdump

Artikkelen er over 5 år gammel

Skattelistene for inntektsåret 2014 blei gjort offentlege fredag.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Det er no fritt fram for å søke i skattelistene for inntektsåret 2014. Listene vart gjort offentlege på Skatteetaten.no kl. 03 natt til fredag.

Etter vedtak i Stortinget gjorde Skatteetaten det i fjor vanskelgare å søke i skattelistene både for medier og enkeltpersonar. Ein må no logga seg inn skatteetaten sine nettsider og dei personane du søkjer opp vil få informasjon om at nettopp du har søkt.

Medier må kjøpa tilgang og registrera seg i forkant for å kunne henta ut tala.

Avisa Nordhordland prioriterer ikkje å laga eigen omfattande journalistikk på skattelistene i år. Vi oppfordrar deg heller til å søka sjølv på Skatteetaten sine nettsider.

Vi henviser også til våre samarbeidspartnarar i Amedia, BA og næringslivsnettstaden Vest24, for skattestoff i Hordaland fredag. Enkelte saker herifrå kan bli publiserte på nordhordland.no.

Artikkeltags