Fråtatt eigedomsskatten på verk og bruk: – Eg er veldig, veldig skuffa

Astrid Aarhus Byrknes, var ein av nesten 150 ordførarar og varaordførarar som tidlegare denne månaden protesterte utanfor Stortinget mot forslaget frå regjeringa om å fjerna den såkalla maskinskatten.

Astrid Aarhus Byrknes, var ein av nesten 150 ordførarar og varaordførarar som tidlegare denne månaden protesterte utanfor Stortinget mot forslaget frå regjeringa om å fjerna den såkalla maskinskatten. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kveld vart dei borgarlege regjeringspartia samde om å fjerne maskinskatten, men at kommunar som Lindås skal bli kompensert. – Trur det ikkje før eg ser det skriftleg, seier ordføraren.

DEL

Onsdag kveld blei dei borgarlege partia einige om å fjerne maskinskatten, melder NRK. Samstundes er dei blitt samde om fleire kompenserande tiltak for kommunane som blir råka av skattekuttet.

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet for 2018 var det forslått store kutt i den såkalla «maskinskatten», betre kjend som eigedomsskatt på verk og bruk. Dette ville råka Lindås kommune hardast av alle kommunane i landet, då maskinskatten gir kommunen 166 millionar i inntekter frå anlegget på Mongstad.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) har tidlegare uttalte til avisa Nordhordland at dette ville vore svært dramatisk for kommunen, og at alternativet ville vore at kommunen vart tvungen til å innføre eigedomsskatt på næringseigedom. Det ville igjen råka små og mellomstore bedrifter, og såleis ha negative konsekvensar for næringslivet, sa Byrknes.

TV 2 melde onsdag kveld at løysinga inneber skjønsmiddel til dei kommunane som tapar skatteinntekter. Ifølge TV 2 skal desse kommunane bli kompenserte tilnærma fullt ut.

Veldig skuffa

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) seier på telefon til avisa Nordhordland onsdag kveld, at ho berre har fått ei kort orientering frå sin partileiar om utfallet.

– Eg har fått beskjed om at kommunane vil bli kompenserte fullt ut, og at dette skal gjelde kvart år framover. Har vi eit bortfall på 150 millionar eit år, skal vi bli kompensert med 150 millionar. Men dette er eg ikkje trygg på før eg ser det på papiret, seier Byrknes, som skal bruke morgondagen på å sette seg inn i den omfattande avtalen før ho vil seie så mykje meir. Men at ho er skuffa, er ho heilt klar på.

– Eg er veldig, veldig skuffa. Eg er skuffa over at regjeringa ikkje kunne imøtekomme eit så stort engasjement frå over 300 kommunar rundt å sette ned eit partisamansatt lovutval og bruke eit år for å jobbe med dette regelverket saman. Det skjer ikkje no, og eg skjønner rett og slett ikkje kvifor regjeringa har stått så steilt på dette. Dei gav ingenting, seier Byrknes.

Ho legg til at KrF har kjempa med nebb og klør for saka, og at det for dei er ei prinsippsak.

– Det handlar om lokalt sjølvstyre og demokrati. Dette er eit gammalt lovverk som dei med eit pennestrøk berre fjernar i eit statsbudsjett. Det synest eg er forunderleg.

Artikkeltags