– Oljefyring står for 3 prosent av dei samla norske klimagassutsleppa. Klarar vi å fasa ut fossil energibruk i bygg innan 2020 vil vi redusera klimagassutsleppa tilsvarande om lag 1.8 millionar bilar, seier Kristin Hildre Rørvik, som er kampanjeansvarleg for oljefri-prosjektet til Naturvernforbundet i Hordaland. Rørvik er svært glad for at Radøy og Lindås som pilotar frontar denne kampanjen i sine kommunar utanfor bykjerna.
Snart forbode
– Både Radøy og Lindås har ein eigen klima- og energiplan, og eit av tiltaka er informasjonsarbeid mot innbyggarane våre som har oljefyr og nedgravne oljetankar, som potensielt kan utgjera ein stor miljørisiko, seier ordførar i Radøy, Jon Askeland.
LES OGSÅ: Farvel oljefyr!
Han legg til at han er svært glad for samarbeidet med «Oljefri».
– Om sju år er oljefyring forbode i Norge, og difor er det viktig å koma i gang med informasjon og haldningsskapande arbeid, seier Askeland.
Informasjonsmøte
Lanseringa av oljefri i Lindås og Radøy går av stabelen førstkomande fredag. Då skal born frå Solhaugen barnehage måla ein oljetank i Knarvik for å setja fokus på prosjektet. Tysdag 8. oktober vert det informasjonsmøte for bustadeigarar med oljefyr eller parafinkamin i Nordhordlandshallen. Her får ein også informasjon om gode alternative løysingar.
Godt i gang
I Radøy er det ingen oljefyrte kommunale bygg, i Lindås fyrer mellom anna Knarvik Sjukeheim med olje.
LES OGSÅ: Ingen liker denne fyren
– Kommunen skal ha skifta ut oljefyr i alle kommunale bygg innan 2015, fortel ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes. Ho nyttar høvet til å slå eit slag for fyring med varmepumpe, som er eit godt og miljøvennleg alternativ til oljefyring.
Risiko
Klima og forureiningsdirektoratet anslår at om lag 300 000 oljetankar ligg nedgrave. Nedgravne oljetankar utgjer ein stor forureiningsrisiko. Lindås og Radøy ynskjer å kartlegga talet på oljetankar og parafinkaminar i kommunane som eit verktøy for å verte oljefri raskast mogleg.
LES OGSÅ: Varmt og verdifullt