Sissel levde på suppe i 20 år

LIVSERFARING: - Eg tenkjer ofte på kor mykje eg kunne ha endra, om eg visste det eg veit i dag, seier ho.

LIVSERFARING: - Eg tenkjer ofte på kor mykje eg kunne ha endra, om eg visste det eg veit i dag, seier ho. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

På det tynnaste vog den 176 cm høge dama 45 kilo. No vil ho gjerne bruka erfaringane sine for å hjelpa andre, men ho når ikkje fram.

DEL

– Det offentlege må gi meg ein sjanse, seier Sissel M. Odland (47) frå Frekhaug.

– Tidlegare alkoholikarar og narkomane vert brukt, men ikkje psykisk sjuke. Er vi stempla som galen resten av livet? Er vi totalt ubrukeleg? Går det ikkje an å bli frisk frå psykisk sjukdom? Eg har bak meg mange år med angst, som eg brenn for å bruka til noko, seier ho.

Levde på suppe i 20 år

Det er ikkje lett å sjå at den høgreiste, glade og frittalande kvinna som sit framfor meg har slite med panikk-angst, fobiar og tvangstankar.

LES OGSÅ: Valdteken melandjente lagar film om marerittet

– Eg har vore psykisk sjuk i 26 år av livet mitt etter ein veldig tøff barndom. Dette gav seg mellom anna utslag i at eg ikkje klarte få ned fast føde på over 20 år. Eg fekk berre i meg silte supper. I tillegg sleit eg med djup depresjon, var livredd for å dø og vågde ikkje gjera noko utan at mor mi var med, fortel ho openhjartig.

– Korleis hadde det seg at du ikkje fekk ned fast føde?

– Eg var på ishockeykamp for å sjå fetteren min spela for Bergen Djerv. Plutseleg då eg skulle eta hamburgar slik eg pleide på kamp, følte eg at den sat fast i halsen, seier ho. Uansett forsikring både frå mora og etterkvart frå legar om at det ikkje var noko gale med halsen, ville ikkje kjensla av at halsen var så trong at ho til og med sleit med å trekkja pusten, sleppa taket hjå Sissel. Ho fekk rett og slett panikk om ho fekk noko inn i munnen, overtydd om at det ville setja seg fast om ho prøvde svelja.

Innlagt på Sandviken

– Vekta raste nedover og på det tynnaste vog eg med mine 176 cm berre 45 kilo, seier Sissel og fortel at ho lagde middag til borna sine kvar dag, men klarte ikkje spisa noko av det sjølv.

LES OGSÅ: Skrev om morens selvmord

Etter kvart vart ho så dårleg at ho vart lagt inn på Sandviken sjukehus i eit halvt år. Der byrja ho å «behandla» seg sjølve med silte supper. I over 20 år levde ho utelukkande på supper.

– Eg hugsar korleis eg kunne sitja og strigråta samtidig som eg tvang suppa i meg. Eg hadde då barn å ta meg av åleine, så eg måtte berre, seier Sissel.

Sterke band til mor

Heldigvis hadde ho god hjelp i mor si.

– Ho har alltid vore der, eg hadde ikkje overlevd utan henne. Men det var og ufatteleg deilig å endeleg kunna gje slepp på ho no når eg er frisk, seier Sissel.

LES OGSÅ: Slår eit slag for psykisk helse

– I dag er eg nesten dobbelt så tung som eg var på det lettaste, og kan låna klær av mor mi. Ei barnsleg oppdaging. Men eit sterkt mor-/dotterforhold betyr veldig mykje for meg.

Redd for å dø

Når ho tenkjer tilbake ser ho at ho ikkje har hatt noko særleg til liv.

– Eg har ikkje noko forhold til brørne mine, eg har ikkje greidd å stilla opp for dei og dei har ikkje vore gode på å setja seg inn i min situasjon.

– Angst og panikk førte til at eg ikkje greidde eta, ikkje vera åleine i huset, eller gå ut åleine. Eg var livredd for at hjarta mitt skulle stoppa, så eg vågde ikkje vera aktiv. Og eg var veldig deprimert.

LES OGSÅ: Knuste depresjon med latter

– Det er utruleg viktig å «face» kvart enkelt menneske, og eg tenkjer ofte på kor mykje eg kunne ha endra om eg visste det eg veit i dag, seier kvinna som har prøvd det aller meste av behandling og medikament for sine diagnosar i desse åra.

Redninga

For 4 år sidan skjedde det som skulle bli vendepunktet i livet til Sissel.

– Eg kom i behandling hjå Ingvard Wilhelmsen, som driv eigen hypokonderklinikk. Han er rimeleg direkte og spurde meg rett ut om eg trudde på at eg var så ulik alle andre at eg ikkje kunne gjera noko så naturleg som å eta mat. Kort fortald fekk han meg til å snu tvangstankane mine, og ta kontroll over livet mitt, seier Sissel.

Livsglad og nygift

I dag er den livsglade kvinna frisk, og heilt utan medikament.

LES OGSÅ: Flere sykmeldt av slapphet

Ein varm julidag i år gifta ho seg med klassekameraten frå barneskulen, og dei to er i ferd med å pussa opp hans barndomsheim. Sissel har tre barn, og tre barnebarn, med nummer fire på veg. Kåre har fire barn, så det krev litt plass når storfamilien er samla.

Sissel ler ofte og hjarteleg medan vi pratar saman.

–Humor har vore utruleg viktig for meg. Og eg har eit spesielt forhold til ungane mine, vi har mykje gøy saman og banda er sterke. Kanskje har dei følt ansvar for meg då eg var sjuk, seier ho.

Les heile saka i vår e-avis! Kjøp den her!

Artikkeltags