Simon, Sondre og Lars forhindra storbrann

SNARTENKTE:Hadde ikkje Simon Lie, Lars Ljones og Sondre Feste reagert så kjapt som dei gjorde, kunne konsekvensane blitt fatale då det byrja å brenna ved Kvassnesstemma i Knarvik fredag.

SNARTENKTE:Hadde ikkje Simon Lie, Lars Ljones og Sondre Feste reagert så kjapt som dei gjorde, kunne konsekvensane blitt fatale då det byrja å brenna ved Kvassnesstemma i Knarvik fredag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS:– Hadde ikkje desse gutane sløkt brannen og vi blitt varsla, ville brannen mest sannsynleg spreidd seg,

DEL

Det seier vakthavande sjef i Lindås og Meland brannvern, Ståle Hauge.

– Det var knusktørt på bakken førre fredag, og det kunne gått gale, seier Hauge.

På vegner av brannvesenet roser han dei snartenkte gutane som mest truleg har forhindra det som kunne blitt ein storbrann ved Kvassnesstemma før helga.

Sløkte og varsla

Det var gutane Simon Lie, Sondre Feste Berg og Lars Ljones som først avverja brannen. Ørjan Svendsen som bur like ved såg det heile frå bustaden sin i Røsvikdalen. Han stod ute på terrassen då han såg røyk.

LES OGSÅ: Rykka ut til to grasbrannar

– Eg ringde brannvesenet umiddelbart, for eg trudde ikkje at eg ville greia å rekka bort til brannen i tide. Medan eg snakka med ein brannbetjent såg eg gutane kom springande og sløkte brannen, seier Svendsen.

Brannvesenet bestemde seg likevel for å rykka ut med ein gong.

Ulma opp igjen

Då Ståle Hauge frå brannvesenet kom på staden, var brannen i ferd med å blussa opp igjen. Like etter kom ei utrykking på tre brannbilar og seks brannmenn Sidan kom også politiet.

– Vi måtte dynka heile plassen i vatn for å vera sikker på at det ikkje skulle vera fare for nytt tilløp til brann, seier Hauge.

LES OGSÅ: Snart byrjar tidenes tunnel-oppgradering

Brannvesenet tok i bruk bøtter og vatn i sikringsarbeidet, for å sleppa å køyra utrykkingsbilen heilt inn på området. Etter at dei var ferdige, inspiserte dei resten av området rundt Kvassnesstemma, og vart sjokka over kva dei fann.

– Under ein benk stod det ein eingongsgrill som ikkje var sløkt. Eg kan ikkje seia om denne var årsaka til brannen, men eg vil oppmoda folk til å sløkke grillane når dei er ferdige å bruka dei. Konsekvensane kan bli katastrofale, seier Hauge.

Årsaka til brannen

Det har ikkje lukkast avisa Nordhordland å få tak i politiet som var på staden, men Anita Feste, mora til ein av gutane, har snakka med sonen sin om hendinga.

LES OGSÅ: No kan du brenna bål på tur igjen

– Han seier at det var nokre ungdommar der som nettopp hadde gått. Ifølgje han så drakk dei øl. Like etterpå såg gutane røyken, og sprang mot staden for å sløkka, seier Feste.

Det kan brannvesenet vera glade for.

Artikkeltags