Amalie trivest godt i lag med sonen, og angrar ikkje eit sekund på at ho valgte å behalde han.
Synne P. Syslak

16 år gammal blei Amalie mamma

Publisert
DEL

Medan andre tiande klassingar stressa over kva dei skulle gå med på ballet, stressa Amalie Gausreide Skurtveit (18) over noko heilt anna; nemleg ein baby.

– Det var eit sjokk. Eg hadde vore ganske dårleg ein lang periode med mykje oppkast og kvalme, så eg hadde tenkt tanken. Men det kom likevel som ein stor overrasking.

Slik opplevde Amalie frå Seim det då ho ein vinterdag i 2015 fann ut at ho var blitt gravid. Amalie var berre seksten år då graviditetstesten viste to strekar.

– Først fortalde eg alle at eg skulle fjerne det, fordi eg følte det var det dei forventa. Men inst inne skjønte eg at det ikkje var det rette valet for meg.

Folk stira veldig. Mange såg nesten magen min før dei såg meg.

Amalie Gausreide Skurtveit

I byrjinga var Amalie redd for kva andre kom til å seie og tenke. Ho var veldig klar over at det er mykje fordommar mot unge mødrer og at rykte vert spreidde kjapt, men dei fleste tok det veldig fint.

– Både familie og venar takla det veldig greitt. Dei fekk jo sjokk dei også, men dei sa at dei ville støtte meg uansett kva eg valde. Eg gjekk jo framleis på ungdomsskulen, så dei fleste vart veldig overraska – òg barnefaren takla dei store nyheitene greitt.

– Han tok det veldig fint han òg. Eg hadde vore dårleg veldig lenge, så han hadde ein mistanke. Men det kom jo som eit sjokk på han òg. Vi er framleis saman.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Sjølv om dei rundt Amalie støtta ho, merka ho blikka folk sende.

– Folk stira veldig. Mange såg nesten magen min før dei såg meg. Nokon snudde hovudet for å ta ein ekstra titt til og med. Eg trur dei tenkte sånn «Oi, dette stemmer jo ikkje», for eg var jo berre seksten.

Amalie (18) frå Seim blei gravid allereie som seksten åring.

Amalie (18) frå Seim blei gravid allereie som seksten åring. Foto:

Ni månader etter at testen viste to strekar, kom Liam til verda. Sjølv om tanken på å skulle vere mor først var stressande, trivast ho i dag godt i morsrolla.

– Det er veldig kjekt å vere mamma! Sjølvsagt er det utfordrande og slitsamt, men eg elskar å sjå Liam vekse og utvikle seg. Dessutan så har eg sjølv vakse veldig dei siste åra.

Amalie fortel at ho har vore heldig og ikkje fått noko særleg kritikk av andre for å behalda barnet. Men ho merka at folk har fordommar.

– Det er jo gjerne litt eldre folk. Dei føler kanskje sjølve at dei sit på mykje meir kunnskap og veit mykje meir enn meg. Men eg har vore veldig heldig å ikkje fått så mykje kritikk retta mot meg.

Det er veldig kjekt å vere mamma! Sjølvsagt er det utfordrande og slitsamt, men eg elskar å sjå Liam vekse og utvikle seg.

Amalie Gausreide Skurtveit

Med eit barn kjem mykje ansvar, og kvardagen til Amalie er blitt meir prega av rutinar.

– I kvardagen er eg veldig avhengig av rutinar. Viss eg skal noko, så må eg alltid passe på at nokon kan passe Liam.

Sjølv om ho no har eit mykje større ansvar enn før, har ikkje Amalie gitt opp draumane sine. No går ho første året på helse og oppvekst på vidaregåande og har lyst å bli sjukepleiar.

– Eg ønsker å fullføre dette året, så ta helsearbeidarfaget og deretter bli sjukepleiar. Seinare håper eg å kunne spesialisere meg på noko, men eg veit ikkje heilt kva endå.

For å ha tid til både skule og sonen min gjer eg lekser når minstemann søv.

Amalie Gausreide Skurtveit

Men å sjonglere mellom fulltidsjobb som mor og studiane er ikkje alltid like enkelt.

– For å ha tid til både skule og sonen min gjer eg lekser når minstemann søv. Nokon gonger hender det at Liam ikkje legger seg når han skal, og det endar det ofte opp med at eg må utsette skulearbeidet. Det blir derfor nokon dagar der det gjerne blir eit par timar mindre søvn på meg. Heldigvis går det oftast greitt. Eg har dessutan lyst å klare skulen sjølv, og vil ikkje har noko særbehandling.

 - Å vere mor har gjort meg meir vaksen på ein måte. Eg har vakse veldig dei siste åra, fortel Amalie.

- Å vere mor har gjort meg meir vaksen på ein måte. Eg har vakse veldig dei siste åra, fortel Amalie. Foto:

Det er dyrt å ha eit barn. Mellom bleier, mat og anna utstyr kan det fort svi i lommeboka. Men dersom det trengst, hjelper familie gledeleg til.

– Det går alltid rundt. Ein må berre bruke det ein har!

Det er vanskeleg å vite kva som er gale eller rett å gjere når det kjem til ungdomsgraviditet, men sjølv om Amalie er glad for at abort er ein moglegheit i Norge, kjennast det ikkje riktig for ho sjølv.

Valet om å bli ung mor har ho aldri angra på. Men nokre gonger når ho er veldig sliten så saknar ho å berre kunne springa ut døra for å vere med venar, utan å måtte bekymre seg for barnepass.

– Eg har tenkt det viss eg har vore veldig sliten. Når eg høyrer at venane mine skal ut på kjekke ting, så skulle eg jo ønske eg kunne vere med. Heldigvis trivst eg godt med å vere heime saman med Liam.

– Har du nokon tips til andre jenter i din situasjon?

– No vil eg ikkje vere sånn her betrevitar, ler Amalie.

– Men det viktigaste er å følge ditt eige hjarte. Det kan vere veldig overveldande med alle tipsa ein får. Nokon seier du burde gjere ein ting og andre seier noko anna. Det er veldig individuelt, så gjer det du sjølv føler er riktig.

Artikkeltags