No kan ein hente i barnehagen med firmabil

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Skatten som må betalast for å bruke firmabilen til private ærend, blir endra i det nye året.

DEL

Den nye regelendringa gjeld alle som køyrer firmabil eller bodbil, og då gjerne handverkarar som elektrikarar, tømmermenn og entreprenørar. Fram til no har dei risikert å betale full firmabilskatt dersom dei måtte stoppe i butikken, på skulen eller i barnehagen på veg heim frå jobb.

– Løysinga for mange var dermed å køyre heim i yrkesbilen, byte bil og så gjere ærendet som dei fleste helst skulle tatt på veg til eller frå jobben. Dette har verken vore god samfunnsøkonomi eller ei klimavennleg løysing, seier stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp).

Frå 1. januar kan ein velje om ein vil skattleggjast etter det arbeidsgjevars bil er køyrt med utover rein yrkeskøyring, eller om ein vel eit overslag som blir rekna som ein redusert versjon av den såkalla firmabilfordelen.

Gjennom det første alternativet skattar ein ekstra for private ærend, men ein vil ikkje falle under full firmabilskattlegging.

– Rein sporadisk bruk av ein bil du låner av arbeidsgjevar, for eksempel til flytting, er heilt skattefritt. Men du kan ikkje låne han meir enn ti dagar i året og ikkje køyre meir enn tusen kilometer, seier Steffensen. (©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken