Bil snurra rundt og trefte fjellveggen i Salhusvegen

DEL

(BA): Ein personbil snurra rundt på glatta, og trefte fjellveggen på Salhusvegen, opplyser politiet.

Sjåføren i bilen kom seg ut etter ulykka, men det vart lekkasje frå bilen. Sjåføren blei sjekka av helse på staden, og blei frakta til legevakten. Bilen var klokka 11.00 henta av bilbergar og staden rydda.

Etter fleire utforkøyringar laurdag formiddag, går politiet ut med åtvaring mot køyreforholda etter snøfallet natt til laurdag.

– Ingen av utforkøyringane har resultert i personskadar, men politiet oppfordrar sjåførar av personbilar og tyngre kjøretøy å køyre etter forholda. Senk farten, seier politiet.

Tidlegare i dag køyrde ein bil av vegen på E39 ved Mundalsbergtunnelen i Lindås.

Har du tips til Avisa Nordhordland i trafikken? Send SMS med kodeord «NHTIPS» til 2005. Du kan også både ringe og skrive sms til vår vakttelefon 916 20 916.


Bil køyrde av vegen på E39

Artikkeltags