Så mange gonger var «Melderskin» ute av drift i 2013

INNSTILT: Sambandet Leirvåg-Sløvåg er innstilt grunna trøbbel med ein hjelpemotor.

INNSTILT: Sambandet Leirvåg-Sløvåg er innstilt grunna trøbbel med ein hjelpemotor. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

193 turar var Melderskin ute av drift, grunna teknisk kluss. Skyss ser ingen grunn til å gjera noko med situasjonen.

DEL

Norled står klare til å setja inn ei ny ferja, men Skyss vil ikkje betala for det.

– Det er riktig at Norled har tilbydd alternative løysingar til sambandet, men Skyss har gjort ulike vurderingar og har ikkje funnet rom innanfor rammene vi har, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer i ein e-post til avisa Nordhordland.

Trur ikkje anna ferje vil hjelpe

Skyss ville ikkje stilla opp til telefonintervju i sakas anledning.

Heile 193 turar var ferja mellom Leirvåg og Sløvåg innstilt i 2013. 67 gonger var det såkalla force majeure, altså tilfelle Norled ikkje rår over. Heile 126 gonger var ferja innstilt grunna teknisk krøll. Ein av dei var grunna feil på mob-båt.

- Vi er ikkje sikre på om ei anna ferje ville ha gitt særleg betre regularitet, skriv Skyss i e-posten.

LES OGSÅ: Stein Inge Larsen rasar mot «dritferjene» til Norled

Det er M/F «Melderskin» frå 1985 som er hovudferja på strekket. Er den ute, har ein tolv timar på seg til å setja inn M/F «Bømlo» frå 1972.?

To gonger dei siste månadane har Norled sagt i møter med Skyss at dei har andre ferjer dei kan setja inn på strekka mellom Leirvåg og Sløvåg.

– Vi kan byta fartøy, men så langt har det ikkje vore nokon vilje hjå Skyss. Skal vi setja inn ei betre ferje på sambandet, må vi verta kompensert, seier Inge Andre Utåker, regiondirektør i Norled til avisa Nordhordland.

– Så det er Skyss det står på?

– Ja, seier han.

LES OGSÅ: Fekk ikkje start på ferja(!)

Men Skyss er tydelege på at det ikkje kjem til å skje.

– Skyss er nøgde med «Melderskin» som hovudferje og håpar og trur at Norled i tida som kjem vil forbetra regulariteten ytterlegare, skriv Dreyer i e-postform.

Ho peikar på at ferja oppfyller alle krava i anbodskontrakten. Når Norled fekk kontrakten var storleiken på ferja den viktigaste faktoren.

– Skjønar frustrasjonen

Sjølv om ferja var mykje ute i 2013, hadde dei ein regularitet på 98,49 prosent.

– Ein hugsar alle hendingane, men ein hugsar ikkje alle dagane det har gått bra, seier Utåker i Norled.

– Er du frustrert over negative tilbakemeldingar?

– Frustrert er eg vel ikkje. Men eg tykkjer det er nokon som overdriv litt og seier at ferja stadig vekk og aldri er i rute. Men eg har ungar sjølv, og slik er det jo. Det er ingen som seier i frå når alt er bra, seier Utåker.

– Men eg skjønar at det er irriterande når ein har lastebilar som skal sørover og ein er avhengig av å bruka ferja, seier han.

LES OGSÅ: Ferge innstilt grunna påhengsmotor

Norled får bøter frå Skyss om dei ikkje gjennomfører turar, så lenge det ikkje er vêret si skuld at dei ligg til kai.

– Det er veldig ulønnsamt for oss å ikkje gjennomføre ruta, seier han.

– Kor stor er bota når de ikkje gjennomfører ruta?

– Det vil eg ikkje seia. Men det er ikkje nokon urimeleg sum, seier han.

Skyss seier at det ikkje er deira ansvar, men Norled sitt ansvar å halda oppe regulariteten på strekket.

Utåker lovar at dei gjer det dei kan for at det skal verta best mogleg regularitet over Fensfjorden.

– Burde det vore fleire krav til standarden på ferjemateriellet når ein lyser ut anbod?

– Vår haldning er at om ein skal få til ei generell fornying av ferjeflåten, må det koma krav om det i anboda rundt om. Det er vi positive til, seier han.

Skuldar på Vegvesenet

På bussanboda som har vore i Hordaland har det vore krav om heilt nytt materiell, og på hurtigbåtanbod har det vore krav om båtar som ikkje er eldre enn 2009. Men på ferjesida har det berre vore krav om storleik og rutetabell, ikkje alder på ferjene.

Både i Trøndelagsfylke, Møre og Romsdal og i Nord Noreg spelar faktorar som innovasjon, alder, miljø og kvalitet på båten inn i fleire av anbodsprosessane som går føre seg no.

Men Utåker peikar og på at prisane truleg vil gå opp då.

– Det er ikkje måte på kva ein kan få om ein vil betala for det, seier han.

På Sunnmøre gjekk prisen på anboda opp med rundt 40 prosent frå fyrste til andre anbodsrunde. Der stilte dei konkrete krav til ferjene i fleire av anbodsstrekkene.

– Skyss har ikkje hatt moglegheit til å stille krav i kontraktane, ettersom det er Vegvesenet som gjennomførte anboda. Det går føre seg eit nasjonalt samarbeid for forbetringar i neste generasjon kontraktar, og Skyss vil gjere førebuingar i løpet av 2014, seier Dreyer i Skyss.

LES OGSÅ: Meir trøbbel for Leirvåg-Sløvåg

Artikkeltags